logo Helse Vest

Styrkar brukarmedverknad etter revisjon

Brukarmedverknad er viktig i spesialisthelsetenesta. Ein ny revisjonsrapport viser at helseføretaka på dei fleste områder har lagt godt til rette for brukarmedverknad på systemnivå, men at det òg er rom for forbetring.

Publisert 15.12.2023
En gruppe mennesker

Foto: Jorunn Busk

Regionalt brukarutval 2023 - 2025: Hege Kornberg Christensen, Sigrun Marit Hansen, Atle Lunde. Bak: Joe R. Aseerwatham, Hege Skjelbred-Knudsen, Lene Therese Mindaas, Astrid Gytri og Tor-Johnny Agledal. Ikke til stede: Harald Kvame Hansen og Cicel T. Aarrestad

Brukarmedverknad er ein av dei beste måtane å sikra at pasientar og pårørande sine stemmer blir høyrde. Derfor er det etablert brukarutval og brukarråd både på regionalt nivå og i alle helseføretaka i Helse Vest. Utvala er samansette av representantar frå brukar- og pasientorganisasjonar.

Revisjon av brukarmedverknad

Helse Vest har gjennomført ein internrevisjon på brukarmedverknad av Helse Vest RHF og dei fire sjukehusføretaka Helse Bergen HF, Helse Fonna HF, Helse Førde HF og Helse Stavanger HF.

– Rapporten stadfester at vi legg godt til rette for brukarmedverking i Helse Vest. Det er vi glad for, og det ligg mykje godt arbeid bak dette, både frå brukar- og pasientorganisasjonane og frå helseføretaka, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF. – No skal vi bruke rapporten til å bli enda betre. Til dømes har Helse Bergen gode system og rutinar for brukarmedverknad. Vi vil ta initiativ for å få bredde desse verktøya i alle helseføretaka i Helse Vest, for å sikre betre og open involvering av brukarane.

Kvinne som sitter bak kontorpulten sin

Foto: Jorunn Busk

Inger Cathrine Bryne, administrerende direktør i Helse Vest RHF.

Godt tilrettelagt

– Konklusjonen er at føretaka på dei fleste områder har lagt godt til rette for brukarmedverknad på systemnivå, i samsvar med dei felles retningslinjene ein har. Forankringa i styra og den øvste leiinga blir oppfatta som god, seier leiar Bjørn Munthe for internrevisjonen i Helse Vest RHF, som har gjort undersøkinga.

Internrevisjonen legg samtidig merke til at føretaka stiller seg noko ulikt til retningslinjene som gjeld. I føretaksgruppa varierer graden av brukarmedverknad, og det er moglegheit for å forbetra korleis brukarane blir involvert.

– Dei nasjonale retningslinjene som er utforma blir følgde av alle i Helse Vest. Vi finn forskjellar i korleis føretaka har vidareutvikla dette, og det er variasjonar når me måler føretaka opp mot kvarandre, seier Munthe.

Interessant for brukarutvala

– Dette er veldig interessant for Helse Vest, men også for alle brukarutval i Noreg. Vi vil nok sjå mange av dei same funna i andre regionar òg. Funna i Helse Vest vil gi eit godt grunnlag for å justere det vi ser ikkje fungerer, og til å stramme opp retningslinjene og gjera dei meir presise, seier leiar Atle Lunde for regionalt brukarutval.

Lunde er veldig glad revisjonen vart gjennomført, for dette er noko dei lenge har etterspurt.

– Fleire av funna er ting vi har påpeika i mange år. No har vi eit dokument vi kan bruke – ikkje berre for å vise fram kva som haltar, men det kan brukast til så mykje positivt framover. Vi må ha ei felles plattform, ei felles forståing, for kva brukarmedverknad er, seier han.

Han trur det er mykje læring begge vegar i rapporten.

– Vi har alle innan helsevesenet som mål å forbetre helsetenestene. Det som er viktig no ut frå denne revisjonen, er å gjere det som skal til for å forbetre samspelet mellom brukarutvala, dei som har det faglege ansvaret, administrasjon og styre.

Kva er læringa?

Brukarmedverknad er noko som har høg merksemd i offentlegheita.

– Vi opplever at det trengs gjensidig forventningsavklaring, og at ein har noko å gå på når det gjeld  opplæring til brukarar og medarbeidarar i korleis brukarmedverknaden skal gjerast. Medarbeidarar skal forstå kva dei som representerer brukarar skal bidra med, og dei skal vite korleis dei skal involvere dei når dei skal og må. Så må brukarrepresentantane vite kva dei skal gjere og kjenne rolla dei har. Brukarrepresentanten er ikkje ein lege, han er ein brukar, poengterer internrevisor Bjørn Munthe i Helse Vest RHF.

Internrevisjonen har observert at opplæring og informasjon til både medarbeidarar og brukarar varierer mellom helseføretaka. For å sikre effektiv brukarmedverknad, og unngå misforståingar, tilrår internrevisjonen at helseføretaka standardiserer og til dels utvidar opplæringsprogram og informasjonsmateriell.

Dei rette verktøya

Revisjonen peikar på at Helse Bergen har fått på plass gode system og rutinar for brukarmedverknad i føretaket, deriblant obligatorisk opplæring (e-læringskurs) for medarbeidarar, kurs for prosjektleiarar, LIS-legar i føretaket har også undervisning om brukarmedverknad på systemnivå og leiarar har kompetansekrav om temaet. Helse Bergen har også ei ressursside om brukarmedverknad på intranettet til helseføretaket, som blant anna inneheld ei «verktøykasse» for dei som ønskjer meir kunnskap om brukarmedverknad.

Saman med andre tiltak, som til dømes etablering av rutinar for å lære av erfaringar knytt til brukarmedverknad, og digitale kurs retta mot brukarar og forskarar, ligg det til rette for enda betre involvering av brukarane i Helse Vest etter revisjonen som no er gjort.