logo Helse Vest

Avtale med Aleris om kjøp av tonsillektomi

Helse Vest RHF har i dag inngått avtale med Aleris Helse AS på Nesttun i Bergen om kjøp av tonsillektomi (mandeloperasjonar). Avtalen er inngått for å avlaste Helse Bergen og redusere ventetider.

Publisert 27.09.2024
Skikkelse

Avtalen omfattar 300 operasjonar og gjeld frå 1. oktober 2024 til 31. mars 2025. Det er moglegheit for å forlenge avtalen ved behov.  

I samband med ventetidsløftet er Helse Vest og helseføretaka på Vestlandet i gang med å identifisere område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private. Helse Vest gjer då ei vurdering av behov for kjøp frå private eller auke aktiviteten for avtalespesialistar, sett opp mot tiltaka sjukehusa gjer for å redusere ventetidene. 

Les meir om ventetider

Avtaler med private leverandørar av helsetenester:

Helse Vest RHF kjøper helsetenester frå fleire private og private ideelle verksemder. 

  • 240 privatpraktiserande spesialistar, 119 innanfor somatikk og 121 innanfor psykisk helsevern (per desember 2023) 
  • sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i helseregionen 
  • tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, nytta av pasientar frå Helse Vest 
  • to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon 
  • ein privat leverandørar av laboratorietenester 
  • to avtalar leverandørar av radiologitenester