logo Helse Vest

Avtale med Volvat om urologitenester

Helse Vest inngår avtale med Volvat Medisinske Senter på Forus for urologiske helsetenester. Avtalen er inngått for å avlaste Helse Stavanger og redusere ventetidene på urologi.

Publisert 15.07.2024
Skikkelse

Avtalen gjeld frå 1. september, for pasientar som er ferdig utgreidd og som ventar på tid for behandling.

I samband med ventetidsløftet er Helse Vest og helseføretaka på Vestlandet i gang med å identifisere område der det er aktuelt å supplere tilbodet i sjukehusa med kjøp hos private. Ein gjer då ei vurdering av behov for kjøp frå private eller auke aktiviteten for avtalespesialistar, sett opp mot tiltaka sjukehusa gjer for å redusere ventetidene.

AVTALER MED PRIVATE LEVERANDØRER AV HELSETENESTER:

Helse Vest RHF kjøper helsetenester frå fleire private og private ideelle verksemder.

  • 240 privatpraktiserande spesialistar, 119 innanfor somatikk og 121 innanfor psykisk helsevern (per desember 2023)
  • sju private ideelle sjukehus og institusjonar innanfor somatikk og psykiatri, fem private rusinstitusjonar og åtte private rehabiliteringsinstitusjonar i helseregionen
  • tilleggsavtalar knytt til Helse Sør-Øst sine avtaler med private rehabiliteringsinstitusjonar, nytta av pasientar frå Helse Vest
  • to private leverandørar om poliklinisk arbeidsretta behandling for personar med angst og depresjon
  • ein privat leverandørar av laboratorietenester
  • to avtala​r leverandørar av radiologitenester