Betre bruk av teknologi kan gi mindre ventetid
– Når fleire tar i bruk ny teknologi, vil ventetidene gå ned, seier Erik M. Hansen, direktør for e-helse i Helse Vest RHF. Kunstig intelligens, internettbehandling og bruk av robotbasert automatisering er blant områda som skal bidra til å få ned ventetidene.
Det skjer mykje innan digitaliseringsarbeidet i Helse Vest. No skal sjukehusa fokusere på betre bruk av dei digitale løysingane dei har , slik at dei får størst mogleg nytte. Det kan gje ein betre arbeidsdag for klinikarane og bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.

Raskare behandling over nett
Det er sett i verk mange tiltak for å redusere ventetidene i sjukehusa. Fleire av desse inneber å ta i bruk teknologi og kunstig intelligens (KI) på ein betre måte. Som blant anna eBehandling, som tilbyr rettleia internettbehandling for nokre psykiske lidingar.
– Rettleia internettbehandling kan spare tid for både pasient og behandlar. Pasientane får moglegheit til å gjennomføre behandlinga heime når det passar, medan klinikarane får moglegheit til å behandle fleire pasientar. Det gjer at vi kan hjelpe fleire av pasientane som ventar på time, seier Hansen.
KI-støtte til radiologane
Når sjukehusa skal ta i bruk nye teknologiske løysingar, er det dei fagområda som har utfordringar med lange ventetider som vil bli prioritert. Her vil og KI kunne spele ei sentral rolle.
– Eit av tiltaka som no blir prioritert, er å ta i bruk KI innanfor radiologi. At KI-verktøy blir brukt til å støtte radiologane, vil lette på arbeidspresset i fagmiljøet, seier e-helsedirektøren.
Heile fire av fem medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus, må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet. Dersom radiologen kan få beslutningsstøtte frå eit KI-verktøy, kan behandlinga starte tidlegare.
Meir bruk av automatisering
– Vi må også redusere manuelle arbeidsoppgåver, slik at helsepersonell kan gjere dei oppgåvene berre dei kan gjere, forklarer ein engasjert Hansen. – No skal vi finne ut korleis vi kan bruke robotbasert automatisering til å hjelpe til med å rydde i ventelister eller handtere oppfylging av fristbrot.
Ved Osteoporosepoliklinikken på Stavanger universitetssjukehus har dei fått ein «robotkollega», som opprettar og sender ut innkallingsbrev til pasientar etter tildelt time. Roboten bidrar til å redusere manuelt arbeid og frigjer tid for å planlegge meir komplekse pasientforløp og oppgåver. Dette har redusert ventetidene ved klinikken.
– Det tar tid å ta i bruk ny teknologi, særleg når vi må endre arbeidsprosessar. Enkle løysingar kan ha stor verdi, avsluttar Hansen.