Betre bruk av teknologi kan gi mindre ventetid
– Når fleire tar i bruk ny teknologi, vil ventetidene gå ned, seier Erik M. Hansen, direktør for e-helse i Helse Vest RHF. Kunstig intelligens, internettbehandling og bruk av robotbasert automatisering er blant områda som skal bidra til å få ned ventetidene.
Det skjer mykje innan digitaliseringsarbeidet i Helse Vest. No skal sjukehusa fokusere på betre bruk av dei digitale løysingane dei har , slik at dei får størst mogleg nytte. Det kan gje ein betre arbeidsdag for klinikarane og bidra til å få ned ventetidene i sjukehusa.
Raskare behandling over nett
Det er sett i verk mange tiltak for å redusere ventetidene i sjukehusa. Fleire av desse inneber å ta i bruk teknologi og kunstig intelligens (KI) på ein betre måte. Som blant anna eBehandling, som tilbyr rettleia internettbehandling for nokre psykiske lidingar.
– Rettleia internettbehandling kan spare tid for både pasient og behandlar. Pasientane får moglegheit til å gjennomføre behandlinga heime når det passar, medan klinikarane får moglegheit til å behandle fleire pasientar. Det gjer at vi kan hjelpe fleire av pasientane som ventar på time, seier Hansen.
KI-støtte til radiologane
Når sjukehusa skal ta i bruk nye teknologiske løysingar, er det dei fagområda som har utfordringar med lange ventetider som vil bli prioritert. Her vil og KI kunne spele ei sentral rolle.
– Eit av tiltaka som no blir prioritert, er å ta i bruk KI innanfor radiologi. At KI-verktøy blir brukt til å støtte radiologane, vil lette på arbeidspresset i fagmiljøet, seier e-helsedirektøren.
Heile fire av fem medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus, må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet. Dersom radiologen kan få beslutningsstøtte frå eit KI-verktøy, kan behandlinga starte tidlegare.
Meir bruk av automatisering
– Vi må også redusere manuelle arbeidsoppgåver, slik at helsepersonell kan gjere dei oppgåvene berre dei kan gjere, forklarer ein engasjert Hansen. – No skal vi finne ut korleis vi kan bruke robotbasert automatisering til å hjelpe til med å rydde i ventelister eller handtere oppfylging av fristbrot.
Ved Osteoporosepoliklinikken på Stavanger universitetssjukehus har dei fått ein «robotkollega», som opprettar og sender ut innkallingsbrev til pasientar etter tildelt time. Roboten bidrar til å redusere manuelt arbeid og frigjer tid for å planlegge meir komplekse pasientforløp og oppgåver. Dette har redusert ventetidene ved klinikken.
– Det tar tid å ta i bruk ny teknologi, særleg når vi må endre arbeidsprosessar. Enkle løysingar kan ha stor verdi, avsluttar Hansen.
Teknologi og ventetider
Dette er dei åtte teknologiske løysingane som det blir arbeidd med for å bidra til å redusere ventetidene i 2024 og 2025:
- eBehandling (rettleia internettbehandling)
- Behovsstyrt poliklinikk
- Mobil arbeidsflate for klinikarar
- Dokumentdeling mellom verksemdene i helse- og omsorgssektoren
- KI – klinisk arbeid
- Robotbasert automatisering - RPA (Robot Process Automation)
- KI – arbeidsplanlegging
- Helselogistikk, timetildeling og kalender