Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Brukar KI for å diagnostisere beinbrot

Helse Vest RHF inngår avtale med Philips for å kunne bruke KI i diagnostisering av beinbrot. Dette skal bidra til å ta ned ventetidene for pasientane.

Publisert 06.11.2024
Sist oppdatert 26.05.2025
En person som holder en penn
Helse Vest vil bruke KI for å diagnostisere beinbrot. (Foto: Microsoft)

I løpet av sommaren har Helse Stavanger prøvd ut kunstig intelligens (KI) som avgjerdsstøtte i diagnostisering av beinbrot. Det har vist seg å vere såpass god støtte for dei tilsette, at Helse Vest RHF har vedteke å innføre dette i alle sjukehusa i regionen. Etter å ha køyrt ein mini-konkurranse, inngår Helse Vest RHF no ein kontrakt med Philips som har KI-applikasjonen Boneview. Dette verktøyet skal bidra i det viktige i arbeidet med å redusere ventetida for pasientane.

– Eg er glad for at vi i Helse Vest kan ta i bruk kunstig intelligens innan radiologi i alle sjukehusa våre. Dette har vore høgt prioritert frå områdestyret og digitaliseringsstyret hos oss, uttaler Bjørn Egil Vikse, fagdirektør og områdeeigar pasientbehandling, Helse Vest RHF.

mann sitter i stor trapp

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF og eigar av området pasientbehandling i styringsstrukturen for digitalisering.

Startar i Stavanger og Bergen

Boneview skal rullast ut i alle Helse Vest sine sjukehus, men arbeidet startar ved Stavanger universitetssjukehus og ved skadepoliklinikken på Haukeland universitetssjukehus. 

– Vi har så vidt byrja og det er berre å gle seg til framhaldet og dei moglegheitene som vil opnast framover, seier ei fornøgd Siri Fagerheim, avdelingssjef ved røntgenavdelinga ved Stavanger universitetssjukehus.

En mann og kvinne som står sammen og smiler
Siri Fagerheim (t.v.) avdelingssjef ved røntgenavdelinga, Stavanger universitetssjukehus og Kristine Bø (t.h.), leiar for delområde bilde i Helse Vest. (Foto: Kari Alette Iden.)

Nasjonal rammeavtale gir moglegheiter

Sykehusinnkjøp HF har inngått ein nasjonal rammeavtale for KI-plattformer, noko som har gjort det mogleg for Helse Vest å få ei slik løysing på plass raskt. 

– Framover vil det derfor gå enklare og raskare å få kopla opp tilsvarande verktøy, fortel Kristine Bø, leiar for delområde bilde i Helse Vest.

Det er ein viktig ambisjon i Helse Vest å kunne bidra til meir effektive tenester i sjukehusa. Eit innsatsområde som blir prioritert, er derfor trygg bruk av KI i pasientbehandlinga.

– Det er viktig at sjukehusa no tek dette i bruk og ser på korleis dei kan organisere seg best mogleg, slik at verktøyet avlastar helsepersonellet mest mogleg, avsluttar Vikse.