Felles lab-system gir mange fordelar
Det har vore ei lang reise, men no bruker alle sjukehusa i Helse Vest det same lab-systemet. Det gir store gevinstar, både for helsepersonell og pasientar.
– No er det mogleg å bestille prøver på tvers av sjukehusa i Helse Vest-regionen. Det betyr at pasientane kan ta prøvar kvar som helst ved eitt av sjukehusa våre, uavhengig av kvar prøva er rekvirert og kor oppfølginga skal skje. Og pasientane slepp å ta med papir eller etiketter slik dei måtte tidlegare, seier Tone Bjerregård, prosjektleiar for innføring av felles laboratorieløysing i Helse Vest.
Denne veka gjekk også Helse Fonna over til lab-systemet Unilab, noko som betyr at no bruker alle sjukehusa på Vestlandet det same systemet.
– Dette er ein milepæl etter mange års arbeid, seier Bjerregård.
Det heile starta i 2009 då mikrobiologisk avdeling ved laboratorieklinikken på Haukeland universitetssjukehus byrja å bruke Unilab. Dei andre laboratoria ved sjukehuset følgde etter, og deretter har sjukehusa i Førde, Nordfjordeid, Lærdal, Stavanger, samt Betanien og Haraldsplass gått over til same system. Og no blir det også brukt i Haugesund, Odda og Stord.

Berre éi registrering
Når alle sjukehusa i regionen bruker det same lab-systemet, held det å registrere ei prøve éin gong. Det gjeld frå prøva blir bestilt og til ho blir teken og analysert. Skal prøva sendast til eit anna laboratorium i regionen for analyse, treng ho heller ikkje registrerast på nytt. Prøva har den same koden og namnet heile vegen. Det gjer arbeidsdagen til helsepersonell ein del enklare.
– Og når det blir handtert over 30 millionar analysar i regionen kvart år, har denne overgangen til enkeltregistrering stor betydning, seier Bjerregård.
Når ei prøve berre blir registrert éin gong, minskar dessutan sjansen for feilregistreringar.
Andre fordeler med å ha eitt felles system:
- Det gir ei god oversikt over bestilling av prøver, prøvetaking og resultat – på tvers av regionen.
- Det bidreg til at vi etter kvart kan få prøvesvar på Helsenorge.no (Pasientens prøvesvar er eit igangverande prosjekt).
- Ein får eit sterkare lab-samarbeid i regionen.
- Det er enklare å forvalte IT-løysinga når alle bruker det same systemet.
Å effektivisere og forbetre arbeidet på sjukehusa med digitale løysingar, er eit satsingsområde for Helse Vest.

Laboratoriesystemet blir brukt innan medisinsk biokjemi og farmakologi, medisinsk genetikk, mikrobiologi, immunologi og patologi.) Her er tilsette i sving på mikrobiologisk avdeling, Haukeland Universitetssjukehus. (Foto: Helse Vest IKT)