Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Fornøgde med behandling

Ei undersøking frå SINTEF viser at 80 prosent av dei polikliniske pasientane i psykisk helsevern for vaksne og tverrfagleg spesialisert rusbehandling, har nytte av tilbodet dei får.

Publisert 03.04.2024
En mann som står i et rom
Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

– Denne undersøkinga gir oss verdifull innsikt i korleis pasientane i psykisk helsevern for vaksne og TSB opplever behandlinga vi tilbyr, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF. 

SINTEF har på oppdrag frå Helsedirektoratet gjennomført ein nasjonal brukar- og pasientundersøking retta mot alle vaksne i poliklinisk behandling i psykisk helsevern, tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og hos avtalespesialistar i perioden februar til april 2023. 

80 prosent av pasientane i undersøkinga seier dei har noko, stor eller svært stor nytte av tilbodet dei får.  

– Dette er mest av fortenesta til fagfolka. Resultata gir oss både ein tryggleik om at tilbodet som blir gitt er av god kvalitet, og peikar samtidig på område der vi bør jobbe for å bli betre, som til dømes betre koordinering av tenester og etablering av fleire tilbod som møter pasientar utanfor sjukehuset, seier Vikse.

Ulike resultat

Formålet har vore å få meir kunnskap om korleis vaksne brukarar og pasientar opplever behandlingstilboda. Det var totalt 33 457 personar som svarte på undersøkinga – 21 346 pasientar i psykisk helsevern, 3 199 i TSB og 8 912 pasientar hos avtalespesialist. 6741 av respondentane fekk behandlinga si i Helse Vest.  

Undersøkinga fortel at pasientar både i psykisk helsevern, i TSB og hos avtalespesialist generelt sett er relativt tilfredse med behandlinga dei får eller har fått.  

Pasientar som blir behandla eller blir greidde ut for bipolar liding, PTSD og/eller rusmiddelavhengnad opplever litt større utbytte og tilfredsheit enn andre, medan personar med personlegdomsforstyrring, autisme, psykose og schizofreni er minst tilfredse med behandlinga.  

Mann som lener seg over rekkverk

Foto: Jorunn Busk

Lars Ravn Øhlckers.

Pasientar med store psykiske utfordringar opplever i mindre grad at behandlinga hjelper mot plagene, i mindre grad gir tru på eit betre liv, og dei er mindre tilfredse med behandlinga alt i alt. Det same gjeld pasientar med fleire diagnosar i poliklinikk.  

– Dette mønsteret stemmer godt med erfaringar frå klinikken, og er på mange måtar likt det vi ser i somatiske helsetenester. Store, langvarige og meir komplekse psykiske utfordringar er vanskelegare å behandle, og krev samansette og fleksible tenestetilbod, seier psykologspesialist Lars Ravn Øhlckers i Helse Vest.  

God behandlarrelasjon

Samtidig viser rapporten at det er ei rekkje variablar på tvers av dei tre tenesteområda som har gjennomgåande mykje å seie for opplevinga til pasientane av utbytte og tilfredsheit.  

Behandlingslengd har noko å seie for oppleving av tilfredsheit og utbytte for alle tre gruppene. Det å ha eitt eller fleire koordineringstiltak (IP, ansvarsgruppe og koordinator) har mykje å seie for tilfredsheit og utbytte for poliklinikkpasientane. Undersøkinga tyder også på at det å ha oppsøkjande team (til dømes FACT og ACT) slår positivt ut for pasientar i psykisk helsevern.  

– Undersøkinga stadfestar også at det som gjennomgåande betyr aller mest for utbytte av, og tilfredsheit med behandlinga, er å ha ein god behandlarrelasjon, seier psykologspesialist Øhlckers. 

Dette gjeld alle tre pasientgruppene som vart undersøkte – altså pasientar i psykisk helsevern, TSB og hos avtalespesialist.  

– Det er inga overrasking, men understrekar at det relasjonelle arbeidet som fagfolka våre gjer kvar dag har ei heilt avgjerande betydning, understrekar Øhlckers. 

Kunnskapen frå rapporten skal no brukast til å vidareutvikle tilbodet innan psykisk helsevern for vaksne og TSB, og inngår også i vidareutviklinga dei nasjonale pasientforløpa. 

Les rapporten her.

Dette gjer rapporten innsikt i:

Rapporten gir oversikt og innsikt i ei rekkje tema når det gjeld dei tre populasjonane av poliklinikkpasientar i psykisk helsevern, TSB og hos avtalespesialist.

  • Demografiske kjenneteikn og særdrag ved behandlinga og oppleving av eiga helse
  • Diagnosar (sjølvrapporterte) og omfang av psykisk helse- og rusutfordringar
  • Helsetenestebruk ved ulike diagnosar og omfang av utfordringar
  • Bruk og fornøgdheit med videokonsultasjon i behandlinga
  • Grad av brukarmedverknad, samhandling og oppfølging av somatisk helse
  • Behandlarrelasjon/ terapeutisk relasjon
  • Oppleving av kontinuitet i det samla tenestetilbodet
  • Tilfredsheit og utbytte av behandlinga