Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Godt samarbeid for sikkerheitspsykiatrien

Fagfelt og brukarar arbeidar side om side for å få eit betre tilbod i sikkerheitspsykiatrien i vest. Ein nasjonal plan skal sørgje for å styrke kapasitet, kompetanse, organisering og samanheng i tenestetilbodet.

Publisert 28.06.2024
Sjukehuset i Sandviken

Foto: Brede Aasen

Sjukehuset i Sandviken hvor psykiatrisk klinikk og klinikk for sikkerheitspsykiatri i Bergen ligg.

Helse Vest har gjennom flere år arbeidet med å styrke kapasitet og kompetanse i sikkerheitspsykiatrien.

Sikkerheitspsykiatrien er eit fagområde innan spesialisthelsetenesta som er organisert for å ta hand om pasientar som har ein alvorleg psykisk sjukdom, og som representerer ein risiko for seg sjølv og/eller andre gjennom valdeleg åtferd.

Dei sikkerheitspsykiatriske institusjonane har også ansvaret for domfelte frå justissektoren, som har fått dom til tvungent psykisk helsevern. Talet på slike domar har auka mykje dei siste åra.

Brukarrepresentantar

– Både fagfeltet og brukarar er med på å løfta dette, og vi jobbar side om side for å få eit betre tilbod. Brukarrepresentantar er med i både det nasjonale og det regionale arbeidet, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest.

Helseregionane har gått saman etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å laga ein nasjonal overordna plan for sikkerheitspsykiatri.

Hovedmålet i planen er å styrke kapasitet, kompetanse, organisering og samanheng i tenestetilbodet. Dette inneber betring av:

  1. Samhandling
  2. Innhald i behandlinga
  3. Kapasitet
  4. Nasjonale og regionale funksjonar, oppgåver og rutinar
  5. Kompetanse
  6. Bygningsmessige forhold
  7. Forsking og fagutvikling

Helse Vest har i revidert Statsbudsjett fått 19, 2 millionar kroner ekstra til dette arbeidet over revidert nasjonalbudsjett. 

Ekstra senger

I Helse Vest har Helse Stavanger etablert 10 ekstra senger, og alle sjukehusa har sikkerheitspsykiatriske ambulante team som kan følgje opp pasientane  etter utskriving.

– Samarbeidet mellom sjukehusa er veldig godt. Vi har etablert eit regionalt fagnettverk, og ein eigen regional handlingsplan. Helseføretaka har mange dyktige fagfolk med lang erfaring og høg kompetanse, og desse samarbeider mellom anna i eit fagnettverk der det òg er brukarkompetanse, seier Paulsen Mæland.