Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Helse Vest RHF får ny adresse frå 13. februar

Frå 13. februar 2024 flyttar medarbeidarane i Helse Vest RHF inn i lokale i Stavanger sentrum, og får dermed ny adresse.

Publisert 22.01.2024
Sist oppdatert 13.02.2024

Den nye adressa blir Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger.   

Vi gler oss til å byte kontorlokale. Vi er 80 kollegaer og dei nye lokala legg godt til rette for betre samarbeid på tvers av fag og avdelingar hos oss. Det er viktig for oss. Nærleik til kollektivtransport er også eit stort pluss, i tillegg til at vi no blir ein del av bymiljøet i Stavanger, seier Bente Aae, kommunikasjonsdirektør i Helse Vest RHF. 

Bakgrunnen for flyttinga er at ein periode med leigekontrakt i Nådlandsbråtet på Forus går ut. I samband med det blei det beslutta å flytte. Dei siste tre åra har ei prosjektgruppe vurdert fleire nye kontorstader, og valet fall til slutt på bygget K8, Stavanger.  

Fakta om flyttinga  

  • Adressa vår frå 1. februar er Knud Holms gate 8, 4005 Stavanger.  
  • Leigekontrakten i dei nye lokala går over 15 år.   
  • Rammene for flyttinga har vore at den totale leigekostnaden for nye lokale ikkje skal vere høgare enn dagens leigekostnader. Kostnaden er om lag den same.  
  • Arealet går frå 3 367 kvadratmeter på Forus til 1 985 kvadratmeter i Stavanger sentrum.   
  • Møblar og interiør frå dei eksisterande kontorlokala på Forus blir gjenbrukte i størst mogleg grad. Det blir mindre plass, så alle møblar kan ikkje bli med. Helse Stavanger tek i bruk gjenståande, gode møblar. Berre ein prosent av møblane er merkte for kasting.   

Kva gjer Helse Vest RHF?   

  • Helse Vest regionalt helseføretak (RHF) har, på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, ansvaret for at dei rundt 1,1 million innbyggjarane på Vestlandet får eit likeverdig spesialisthelsetenestetilbod. 
  • Helse Vest RHF har det overordna ansvaret for spesialisthelsetenesta i Rogaland og Vestland fylke. Ansvaret vårt blir utført gjennom dei offentlege sjukehusa og gjennom avtalar med private. I tillegg har vi samarbeidsavtalar med legar og psykologar, som er avtalespesialistar. Nokre oppgåver blir også løyste gjennom nasjonale selskap, som er eigde av dei regionale helseføretaka i fellesskap.  
  • Helse Vest RHF eig helseføretaka Helse Førde, Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Stavanger og Sjukehusapoteka Vest, i tillegg til Helse Vest IKT AS.
  • Haukeland universitetssjukehus, Stavanger universitetssjukehus, Haugesund sjukehus og Førde sentralsjukehus er blant sjukehusa som høyrer til helseføretaka i vårt område.
  • I heile Helse Vest-regionen er det om lag 34 000 medarbeidarar, som alle arbeider med målet å gi best mogleg behandling til pasientane i sjukehusa på Vestlandet.