logo Helse Vest

Kunstig intelligens for betre pasientflyt og kortare ventetider

4 av 5 medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet. Bruk av kunstig intelligens kan gi svar på undersøkinga etter minutt og betre pasientflyten i sjukehusa. Dette kan også redusere ventetida for pasientane.

Publisert 08.04.2024
Sist oppdatert 09.04.2024

Ein ny avtale mellom Helse Vest og Sectra gir sjukehusa i regionen tilgang til utvalde verktøy innan kunstig intelligens (KI). Eitt av verktøya gir beslutningstøtte ved mammografiscreening (AIMS-studien). Her blir nytta KI som ein del av biletvurderinga i ein elles normal screeningsituasjon. Helse Fonna har lenge stått i front i bruk av dette verktøyet, men no blir heile Helse Vest kopla på. Dermed blir fleire studiedeltakarar sikra, noko som vil gi endra betre grunnlag for resultata i studien. 

Tester KI på brot og røntgen thorax 

Avtalen har også gitt utvalde sjukehus i Helse Vest moglegheita for å prøve andre KI-applikasjonar. Haraldsplass diakonale sjukehus og Stavanger universitetssjukehus skal over ein tremånaders periode teste KI på undersøkingar som blir tekne ved beinbrot og bryst-/lungetilstandar. 

– Med dette håpar vi å erfare auka kvalitet på våre tenester og gi støtte til radiologane våre i arbeidet, seier Siri Fagerheim som er avdelingssjef ved røntgenavdelinga i Stavanger. 

Røntgen av lungene (røntgen thorax) og beinbrot er dei radiologiske undersøkinga det blir teke flest av på sjukehusa i Helse Vest. 

 – Spesielt bilete av lungene, er i mange tilfelle ei undersøking som blir teken straks etter innkomst i akuttmottak, seier Linda Rykkel, avdelingsleiar for radiologisk avdeling på Haraldsplass diakonale sjukehus . 

En gruppe mennesker i hvite labfrakker
4 av 5 medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet. Bruk av KI for å vurdere bileta kan bidra til betre pasientflyt. Fagansvarleg for radiologi Anagah Parakar, sekjonsoverlege i akutt- og mottaksmedisin Stein Skeie og avdelingsleiar for radiologi Linda Rykkel gler seg til å teste ut verktøyet. 

Betre pasientflyt 

4 av 5 medisinske pasientar som blir innlagde på sjukehus må ta røntgen av lungene i løpet av opphaldet. Bileta blir beskrivne av radiologar, og den visande legen får svaret i journalsystemet. Kor lang tid dette tek, varierer frå minutt til fleire timar, avhengig av kapasitet og tidspunkt på døgnet. 

Med KI kjem svar på fire viktige diagnosar etter 1-2 minutt. Dette kan derfor bidra til ein betre pasientflyt. Radiologane skal teste kvaliteten på KI ChestView-diagnosar og skal sjekke om det fungerer som det skal. Viss dette er vellykka, er det moglegheiter for å gjere varige positive endringar i pasientflyten. 

 – Samtidig som radiologar beskriv røntgenbileta som normalt, skal KI-applikasjonen ChestView gjere sine eigne vurderingar. Deretter vil resultata bli samanlikna for å finne ut om det fungerer som det skal. 

– Dersom det fungerer vil det ha mykje å seie for vidare behandling for pasientane våre, seier Rykkel. 

– På Haraldsplass er det ikkje radiologar til stades heile døgnet. Dersom legen sjølv får resultatet frå ChestView, og kan gå i gang med behandling utan å vente på radiolog, er dette svært gode nyheiter for alle partar. 

Kan redusere ventelister 

Erfaringar frå andre sjukehus nasjonalt og globalt tilseier at bruk av KI på røntgenundersøkingar kan gi svært god støtte til å analysere eksempelvis beinbrot, slik at ventetida for pasientane blir redusert. I Stavanger er det nettopp ei slik løysing som no skal prøvast ut når dei prøver ut støtteverktøy for å analysere brot.

En mann og kvinne som står sammen og smiler
– Vi håpar at KI som avgjerdsstøtte skal bidra til at pasientane får redusert ventetida hos oss og at radiologane og radiografane våre opplever vaktene mindre hektiske, seier Siri Fagerheim (t.v), avdelingssjef for røntgenavdelinga i Stavanger. Her saman med Kristine Bø (t.h.), områdeleiar bilete, styringsstruktur for digitalisering i Helse Vest. 

 – I Stavanger ser vi ein stor del av brot som krev mykje av røntgenkapasiteten vår. Vi håpar at KI som avgjerdsstøtte skal bidra til at pasientane får redusert ventetida hos oss og at radiologane og radiografane våre opplever vaktene mindre hektiske, seier Fagerheim. 

Erfaringane av utprøvinga skal bidra til å vurdere nytte før ei vidare vurdering av innføring i Helse Vest. 

 – Gjennom å prøve ut KI-verktøy på ein trygg og kontrollert måte håpar vi å erfare ein meir effektiv pasientflyt og meir rett bruk av ressursane våre. Derfor gler vi oss stort over denne utviklinga og ser fram til framhaldet på dette området, seier Kristine Bø, områdeleiar bilete, styringsstruktur for digitalisering i Helse Vest.