Nye avtalar med rehabiliteringsinstitusjonar
Helse Vest RHF har inngått nye avtalar med private rehabiliteringsinstitusjonar. Med dei nye avtalane er tilbodet til barn og unge styrkte.
I tillegg til rehabiliteringstilbodet som finst i sjukehusa, har Helse Vest avtalar om spesialiserte rehabiliteringstenester med private institusjonar i regionen. No er nye avtalar signerte, og dei trer i kraft 01.04.24. Avtalane er med følgjande institusjonar:
- Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter i Fjaler
- Åstveit Helsesenter i Bergen
- Barnas Fysioterapisenter i Bergen
- Ravneberghaugen, Senter for meistring og rehabilitering i Hagavik
- Rehabilitering Vest i Haugesund (1. mai 2024)
- Falck Norge i Randaberg
- PTØ-senteret i Stavanger
- Nærland Rehabilitering på Jæren
Avtalane har ein varigheit på fire år med opsjon for Helse Vest RHF til å forlengje for 2 år + 2 år.
– Desse avtalane er eit viktig supplement til sjukehusa, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Her er ei oversikt over kva delytingar dei ulike institusjonane tilbyr.
Styrkte tilbod til barn og unge
Gjennom avtalar med Barnas Fysioterapisenter i Bergen, Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter og PTØ-senteret i Stavanger, er tilbodet til barn og unge styrkt. Dette gjeld for barn og unge vaksne (opp til 30 år for delar av tilbodet) med komplekse habiliterings- og/eller rehabiliteringsbehov. Tilbodet omfattar både døgntilbod, dagtilbod og kortare dagtilbod i form av timar.
Andre nye tilbod
Nytt i avtalane er tilbod om korte kartleggings- og vurderingsopphald knytt til hjartesjukdommar, kronisk muskel- og bløtdelssmerte og arbeidsretta rehabilitering. Det dreier seg om 3-5 dagars opphald for tverrfagleg vurdering av rehabiliteringsbehovet ved dei institusjonane som har desse deltenestene.
Det er også nytt at alle institusjonane skal tilby digitale rehabiliteringstenester. Det er ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digitale løysingar.