Styrkjer rusbehandling og psykisk helsevern
Sjukehusa i helseregion Vest blir styrka med totalt 9, 6 millionar kroner øyremerkt arbeid med pasientar med utfordring med rusmiddel, og kvinner utsett for vald og traumer.
Midla skal gå til å styrkje døgntilbod, og til å betre pasientflyten.
Administrerande direktør føreslår at dei øyremerka midla på 9,6 millioner kroner som blei tildelt i samband med Stortinget si behandling av RNB til utvikling av teneste med integrert ettervern innan rusfeltet, blir fordelt til helseføretaka etter inntektsmodellen basert på psykiatrinøkkel (vaksne og TSB):
- Helse Stavanger: 3, 226
- Helse Fonna: 1, 530
- Helse Bergen: 3, 996
- Helse Førde: 848
Geir Fiskå er leiar for avdeling for rus- og avhengighetsbehandling (ARA) i Helse Stavanger, der dei har komme langt på veg i arbeidet med traume- og valdsutsette kvinner i rusbehandling.
– Desse midla ønskjer vi mellom anna å bruke til ei overlegestilling til Veksthuset Rogaland. Dei seinaste åra har vi endra behandlingsmodellen mot traumeutsette ruspasientar. Ein konsekvens av dette har vorte at tilbodet no betre rommar kvinner, og i større grad rettar seg mot kvinnehelse. Ei legestilling vil ytterlegare styrkje eit tilbod som er i god vekst, seier han.
Revidert nasjonalbudsjett
Veksthuset Rogaland er eit døgnbasert behandlingstilbod for kvinner og menn frå 18 år. Målgruppa er personar med samtidig rusmiddelavhengnad og komplekse traume. Tilbodet har 15 behandlingsplassar og éi brukarstyrt seng.
Det er Stortinget som i behandlinga av revidert nasjonalbudsjett 2024 har tildelt 50 millionar kroner totalt til arbeidet, til oppdrag under hovudmål 1 styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Av desse hamna altså 9, 6 millionar i helseregion Vest.
Midlar tildelte i 2024 kan overførast til 2025.