Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.
logo Helse Vest

Tettare og betre samarbeid om kreftkirurgi

Erfaringsutveksling på tvers, ordningar for hospitering og tettare samarbeid om enkeltpasientar har ført til at føretaka i Helse Vest jobbar betre saman om kreftkirurgi.

Publisert 29.04.2024

– Dei kompenserande tiltaka vi har satt i verk har bidrege til at dei små fagmiljøa blir del at eit større fagleg fellesskap i regionen. Dette er igjen med å løfte tilbodet til pasientane, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest.

Fagdirektør i Helse Vest sitter i kontorstol med en arbeidspult

Foto: Jorunn Busk

Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF. Foto: Jorunn Busk

For å imøtekomme nasjonale krav til sjukehus som driv kreftkirurgi, blei det satt i verk kompenserande tiltak i sjukehusa frå og med 2023. Blant tiltaka var fagleg samarbeid mellom føretaka, fellesmøte og utveksling av personell.

Tettare samarbeid om enkeltpasientar

Tilbakemeldingane frå fagfolka har vore gode. Eit tettare samarbeid i regionen, gjer at dei minste sjukehusa kan behalde funksjonar og dermed også fagfolk. 

– Vi ser no at samarbeidet fungerer og at det ikkje er grunn til å endre funksjonsfordelinga i regionen. Føretaka har fått til ei god organisering. Særleg om enkeltpasientar jobbar føretaka mykje tettare enn før, seier Vikse.  

Dersom eit sjukehus mister ein funksjon, kan det få konsekvensar for andre tilbod. Hadde kreftkirurgien blitt tatt bort frå Helse Fonna og Helse Førde, kunne dei risikert å miste gode fagfolk. Fagfolka i sjukehusa jobbar ofte på fleire avdelingar, så det kunne gått ut over for eksempel akuttfunksjonen i eit sjukehus.

Nye retningslinjer frå Helsedirektoratet 

Det gode samarbeidet gjer det mogleg å sjå faget i ein større samanheng, i staden for avdelingsvis. Det kan bidra til ein fagleg utvikling som kan kome både pasientar og fagfolk til gode.  

– Fagfolka får moglegheit til å utvikle seg fagleg, halde seg oppdatert og utveksle erfaringar. Når fagfolka er oppdaterte, får pasientane eit betre tilbod, fortel fagdirektøren.  

I ettertid har det kome nye faglege retningslinjer for kreftkirurgi frå Helsedirektoratet. Dei nye retningslinjene har blitt endra, og er no i tråd med måten Helse Vest har organisert fagområdet.  

– Det bekreftar at vi har organisert oss på ein god måte, til beste for pasientar og fagfolk, avsluttar Vikse. 

Fakta om kreftkirurgi

Gjeldande frå og med 2023 har Helse Bergen, Helse Førde, Helse Fonna og Helse Stavanger inngått avtalar om kompenserande tiltak for å følgje opp krava til vedteke funksjonsfordeling. 

Avtalane omfattar fagområda nyrekreft, brystkreft, lungekreft, gynekologisk kreft og bukspyttkjertelkreft .  

Kvart år blir det lagt fram ei sak for styret som vurderer om gjeldande ordning med avtaler fungerer etter hensikta.  

Dette blir regulert i avtalane:  

  • Fagleg samarbeid og regelmessige møte der resultat, samarbeid på tvers av føretaka og forbetring av pasientforløp mellom anna er tema 
  • Ordningar for hospitering
  • Konkret samarbeid om enkeltpasientar
  • Ansvarlege for tiltaka
  • Kontaktpersonar