logo Helse Vest

Utlysing: Nye strategiske forskingssatsingar til mindre helseføretak

Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon har sett av midlar til etablering av nye strategiske forskingssatsingar til mindre helseføretak i Helse Vest. Midlar for perioden 2025 til og med 2027 blir lyst ut i første halvdel av desember 2024 med frist 30. januar 2025, med ei total ramme på sju millionar kroner pr. år. Institusjonane vil få informasjon når utlysinga blir lagt ut og eSøknad er opna for oppretting av søknader.

Publisert 18.11.2024

Følgjande helseføretak og institusjonar kan stå som søkjarinstitusjonar:

 

Midlane skal gå til satsingar innan helseforsking på områder som er av stor betyding for dei mindre helseføretaka/private, ideelle institusjonane som har avtale med Helse Vest. Midlane kan og nyttast for å heve kompetanse i einskilde miljø i forbindelse med innføring av Vestlandslegen, til dømes gjennom ph.d.-stipend.

Satsingane kan søkje om finansiering til og med 2027. Tildelingsramma per prosjekt (finansiert av Helse Vest) er minimum kr 1 mill. årleg og maksimum kr 2,5 mill. årleg i 3 år.

Det kan søkjast om frikjøp av klinikar (grunnlønn), forskingsstøttepersonell, doktorgrads- og postdoktorstipend, samt drift. Prosjektet skal sette av midlar til prosjektleiing og koordinering.

Det er krav til eigenfinansiering frå søkjarinstitusjonen, minimum 25 prosent av totalkostnaden for prosjektet.