ECT-register kan gi nye svar
ECT-registeret i Bergen har den mest omfattande oversikta over ECT-bruk i Noreg nokon gong. Registeret håpar å kunne bidra med informasjon til forsking på feltet, som kan komme pasientane til gode.

Foto: Kristine Elsa Krokli
I Bergen ligg det nasjonale medisinske kvalitetsregisteret for ECT-terapi, eller elektrokonvulsiv terapi. Dette er ei behandling der pasienten får ein liten mengde straum til visse punkt på hovudet, som utløyser eit generalisert, epileptisk anfall.
Årsrapporten registeret publiserte i 2024 gir den mest omfattande oversikta over ECT-bruk i Noreg som har vore nokon gong. Før registeret blei oppretta i 2023, var det heller inga samla oversikt over ECT-aktiviteten i Noreg.
Dagleg leiar av registeret Kristine Elsa Krokli håpar dei kan avlive nokre mytar om behandlingsforma gjennom funna i registeret.
– Dette er jo eit felt med litt berøringsangst, og i media ser vi ofte ytterpunkta, anten solskinshistorier eller rette skrekkhistorier om bivirkninger. Men ECT-behandling kan gi veldig god effekt, veldig raskt, seier Krokli.

Foto: Kristine Elsa Krokli
1000 pasientar
ECT-behandling blir brukt på alvorleg sjuke pasientar som er djupt deprimerte, og som er knytt til spesialisthelsetenesta. Pasienten bør helst også vere innlagd.
– Pasienten blir lagd i narkose på behandlingsrommet, og får muskelavslappande. Så blir det gitt ein liten mengde straum til punkt på hovudet som utløyser eit generalisert epileptisk anfall, og det er dette anfallet som gjer at vi får ein effekt på dei psykiatriske symptoma, forklarer Krokli.
Sidan den første pasienten vart registrert i registeret i 2023, har dei vakse veldig fort. I dag nærmar dei seg 1000 registrerte pasientar.
Legane måler fleire ting ut frå behandlinga, mellom anna lengda på anfallet, og kor godt det har vore. Det er likevel mange spørsmål ved behandlinga som kunne trenge eit svar.
– Akkurat kva som gjer at dette verkar, er vi framleis litt usikre på. Det er fleire hypotesar som går på blant anna endringar i hormonelle system, og auka blodtilstrømming. I Bergen er det eit stort forskingsmiljø, og fleire som forskar på ECT. Vi håpar å kunne bidra med funn frå registeret som kan komme pasientane til gode, seier Krokli.
I narkose
Behandlinga skjer i narkose, og det er forbode å gi behandling utan samtykke. I få tilfelle er det behov for å gi behandlinga på nødrett, men dette alternativet forsvinn neste år når nødretten blir ein del av tvangslovgivinga.
– Skal vi gi ECT utan samtykke etter 1. juni 2026, må det gjerast tvangsvedtak, og dette er noko vi må følgje opp. Det blir interessant å sjå korleis praksisen ser ut etter at dette trer i kraft, seier Krokli.
Det er 29 aktive ECT-maskiner i Noreg, og behandlinga er i stor grad ei akuttbehandling. Dei fleste maskinene er på ein akuttpost, eller alderspsykiatrisk.
– Vi håpar å kunne avdekkje gjennom registeret kva diagnosar som har best effekt av dette, og kva aldersgrupper. Kan det ha effekt også på schizofreni? Dei bruker ECT for det i andre land. Om vi veit meir om desse effektane, så kan vi gi fleire rett behandling, seier ho.
Spennande funn
Av dei som får ECT-behandling som er 65 år og over, blir over 50 prosent symptomfrie. Behandlinga går som regel over tre til seks veker, med to til tre behandlingar i veka, eller til pasienten ikkje ser effekt av behandlinga.
Krokli fortel at registeret allereie har fleire gode funn det er spennande å studere. Men dei ser at mange har ein jobb å gjere med å få skåra kor deprimert pasienten er, og korleis dei skårar før og etter behandlinga.
– Du skulle tru det var essensielt å måle dette, men det er i nokre tilfelle pasientar som er så dårlege at det er vanskeleg å få dei i tale.
Stor effekt
Krokli har reist rundt og besøkt dei ulike avdelingane som skal registrere inn i registeret, for å lære dei korleis dei skal gjere det.
– Dette har eg hatt tru på, og det har gitt stor effekt. Av dei 35 avdelingane som skal registrere til oss, så er det 32 som gjer det, og det synest eg er kjempebra.
I tillegg har ho skapt ein fagleg arena med månadlege kontaktmøte, der alle som registrerer inn i registeret, blir invitert.
– Vi diskuterer casar og tilfelle, og stadig fleire klinikarar vil også vere med i møta. Den heldige bieffekten av desse møta, er at mange set seg ned og registrerer før dei skal inn i møtet.
Studere talla
Ekspertgruppa i SKDE (senter for klinisk dokumentasjon og evaluering) rangerer kvaliteten av dei nasjonale registera gjennom eit stadieinndelingssystem, der 4A er det høgaste nivået eit register kan oppnå. ECT-registeret har på kort tid gått frå 1C til 2B.
– Eg synest det er veldig gøy at vi går så fort oppover. Det viser at det blir resultat ut av det vi gjer. Vi er takksam for alle som gjer arbeidet med registrering, og pasientar som tek seg tid til å svare på kva dei synest om behandlinga. Talla som blir registrert, ber med seg eit ansvar for å nytta og presentere resultata på ein god måte. Arbeidet vidare blir å sjå om tala vi finn er til å stole på, og så kan vi bruke dei i forsking som kjem pasienten til gode.