Godkjenner forprosjektet til første fase av byggjetrinn 2 på Nye SUS
Styret i Helse Vest RHF har godkjent forprosjektet for bygg E, første fase av byggjetrinn 2, på nye Stavanger universitetssjukehus (Nye SUS). Forprosjektet gjeld eit nytt poliklinikk- og dagbehandlingsbygg på Ullandhaug.

Illustrasjon: NordicCowi
Styret i Helse Vest RHF gjorde vedtak i saka på styremøtet 12. november 2025. Prosjektet har ei styringsramme på 1 459 millionar kroner (i 2025-verdi).
- Sjå styresaka frå styremøtet i Helse Vest RHF 12. november.
- Styret sa også ja til styrking av sikkerheitsposten på Valen. Sjå nyheitssaka om det.
E-bygget skal samle fleire fagområde på Ullandhaug, som nevrologi, øyre-nase-hals, onkologi og lungebehandling. Arbeidet med tomta er allereie i gang, og byggjeperioden er planlagd frå våren 2026 til 2029. Når bygget står ferdig, vil Helse Stavanger kunne samle poliklinisk aktivitet på Ullandhaug, redusere transportbehovet og leggje til rette for forsking og undervisning.
Glade for å kunne gå videre med prosjektet
Denne helga flytter Helse Stavanger inn i dei fyrste bygga i det nye sjukehuset.
– Det er ein krevjande økonomisk situasjon for helseføretaka i Helse Vest, og det er avgjerande at vi driv slik at vi kan prioritere byggjeprosjekta. Det er viktig både for utviklinga av tenesta, for pasientane i regionen og for medarbeidarane i sjukehusa, seier styreleiar i Helse Vest RHF, Agnes Landstad.
– Vi er glade for at vi kan gå videre med både byggeprosjektet ved Stavanger universitetssjukehus og prosjektet for sikkerheitspsykiatri på Valen sjukehus. Vi har tett dialog med føretaka om dette.

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.
I vedtaket om forprosjektet byggjetrinn 2 ved Nye Stavanger universitetssjukehus legg styret i Helse Vest RHF til grunn at det skal gjerast ei oppdatert vurdering av føretaket si økonomiske bereevne våren 2026.
Blir bygd i fleire fasar
16. november 2025 opnar nye Stavanger universitetssjukehus på Ullandhaug. Det nye sjukehusbygget på Ullandhaug blir bygd i fleire trinn.
Det er somatiske senger, akuttfunksjonar og nødvendige støttefunksjonar som flyttar til det nye sjukehuset no i byggjetrinn 1.
Byggjetrinn 2 av det nye sjukehusbygget på Ullandhaug er planlagt gjennomført i fleire fasar, fordi det ikkje er økonomi til å byggje alt i eitt.
Fakta om Nye SUS
- Nytt universitetssjukehus på Ullandhaug blir bygd i fleire trinn. Byggjetrinn 1 inneheld cirka 125 000 kvadratmeter (BTA). Arealbehov for byggjetrinn 2 er på cirka 102 400 kvadratmeter (BTA).
- Arbeidet med første fase av byggjetrinn 2 har starta, og forprosjektet vart godkjent av styret i Helse Vest RHF onsdag.
- E-bygget skal liggje vest for D-bygget. Her blir det planlagt for poliklinikk og dagbehandling.
- Sjå meir om Nye SUS på Helse Stavangers heimeside.