Grep mot overforbruk av radiologiske tenester
Talet på radiologiske undersøkingar aukar i Noreg, og mange pasientar blir undersøkt utan at det er nødvendig. Ved å redusere berre ein type unødig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til 15 MR-maskinar på eitt år.

Foto: Jorunn Busk
Bruken av biletdiagnostikk har auka kraftig dei siste åra, og det er store forskjellar mellom regionane. Mange undersøkingar gir lita nytte for pasienten. Det kan føre til unødig bekymring, overbehandling og lange ventelister.
– Vi må bruke ressursane klokt, og sørgje for at pasientane får undersøkingar som faktisk er nødvendige, seier Kandiah Panchakulasingam, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF.
Frigjere kapasitet
Dei fire helseregionane Helse Sør-Øst, Helse Midt-Norge, Helse Vest og Helse Nord har samarbeidd om å finne gode løysingar, for å kutte ned på uønskt variasjon og overforbruk innan radiologi og laboratorium.
Forslaga er samla i to grundige rapportar som blei leverte til Helse- og omsorgsdepartementet i mars 2025. Helse Vest RHF har leia dette arbeidet.
– Av dei årlege 160 000 MR-undersøkingane av rygg, vart 57 000, det vil seie 36 prosent, utførte utan at det var registrert spesifikke sjukdomsdiagnosar, verken før eller etter seks månaders oppfølging. Dette indikerer eit sannsynleg overforbruk, seier Kandiah.
Ved å redusere berre ein type unødvendig undersøking, kan vi frigjere kapasiteten til ein MR-maskin i 15 år, eller kapasiteten til 15 maskiner på eitt år.
Seks tiltak
Seks tiltak er prioriterte i arbeidet:
- opprette eitt nettverk for radiologi i Noreg
- lage betre styringsdata
- gjere undersøkingar tilgjengelege på tvers av sjukehus og private røntgeninstitutt
- utarbeide og oppdatere faglege retningslinjer
- forbetre tilvisingar til radiologi (VeRaNor) for primærhelsetenesta og sjukehusa, betre kommunikasjon mellom radiolog eller radiograf og tilviser
Tiltaka skal bidra til betre pasienttryggleik, mindre unødvendig bruk av helsetenester og meir rettferdig tilgang til undersøkingar – same kvar i landet du bur.