Helse Vest legg plan for demensvekst
Nesten 50 000 personar kjem til å leve med demens på Vestlandet i 2050. No jobbar Helse Vest saman med sjukehusa om ein plan for å handtere denne auka.

Foto: Jorunn Busk
Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det fram til 2050 er venta ein enorm vekst i talet på pasientar med demens. I helseregion vest er det estimert at nesten 50 000 kjem til å leve med demens.
Det er kommunane som i utgangspunktet har omsorgsbehovet for desse pasientane, men sidan talet vil auke såpass mykje, kjem dette til å treffe også spesialisthelsetenesta.
– Spesialisthelsetenesta har ei plikt til å gjere ei utgreiing av dei meir kompliserte demenstilfella, og til å hjelpe kommunane med opplæring og kompetanseheving, seier assisterande fagdirektør med ansvar for somatikk, Kim André Noremark i Helse Vest RHF.
Arbeidsgruppe
Dei regionale helseføretaka vart gitt i oppdrag i 2023 frå Helse- og omsorgsdepartementet å utarbeide ein felles rapport på demensveksten. Denne blei gitt ut i fjor haust. Styret i Helse Vest har så bedt om konkrete tiltak til korleis innhaldet i rapporten kan bli implementert i Helse Vest.
For å førebu oss på auken i talet på demente, er det sett ned ei arbeidsgruppe. Her er det representantar frå sjukehusa, det regionale helseføretaket, dei private ideelle, kommunane og pårøranderepresentant.
– Vi skal finne ut korleis vi kan rigge oss i sjukehusa for betre å diagnostisere pasientar med demens, korleis vi kan hjelpe sjukehusa med kompetanseheving, og korleis gjere det lettast mogleg for å kontakte sjukehusa for tilvising og utgreiing av pasientar med demens, seier Noremark.
Heilskapeleg arbeid
Betre samhandling mot kommunane, og meir einsarta og heilskapleg arbeid er nøkkelord.
– Vi skal passe på at vi gjer det likt i heile regionen, seier Noremark.
Arbeidsgruppa skal sommaren 2026 levere frå seg ein rapport med forslag til tiltak og tilrådingar som sjukehusa i vest kan bruke til å klargjere tenestene.
Dette er geriatri
- Ein spesialitet innan medisin som tek for seg førebygging, behandling, diagnostikk og rehabilitering av sjukdom hos eldre menneske.
- Faget ser ikkje berre på enkeltståande sjukdommar, men heile pasienten. Funksjonsevne, livskvalitet og sosiale forhold.
- Eit hovudmål er å bevare eller forbetre funksjonsevna og sjølvstendet til pasienten, slik at dei kan leve eit best mogleg liv.