Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Vest nådde måla i Ventetidsløftet i mai

Helse Vest er den fyrste helseregionen som har nådd måla på alle fagområda i Ventetidsløftet. No held arbeidet fram med å ta ned ventetidene for operasjon, for å sikre eit betre pasientforløp.

Publisert 04.07.2025

Sjukehusa i Helse Vest har jobba hardt for å ta ned ventetidene i tråd med regjeringas Ventetidsløfte. I mars blei innsatsen intensivert, og dette har gitt resultat. Trafikklysmodellen for mai viser at Helse Vest nådde måla på alle fagområda

Sjøkart
Denne trafikklysmodellen viser at Helse Vest fikk grøne lys på alle fagområde i mai. 

Det er fyrste gong sidan Ventetidsløftet blei lansert i mai i fjor, at ein helseregion har klart å få grøne lys på alle fagområde.  

– Dette er gledeleg, ikkje minst for alle pasientane i regionen vår som har venta på start av  helsehjelp, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.  

Resultata for juni er ikkje endelege endå, men det ser ut som at dei er godt innafor målet dei også.  

Gode pasientforløp  

I Ventetidsløftet har det vore mest merksemd på ventetid til start helsehjelp, altså tida frå tilvising til fyrste konsultasjon, og denne ventetida er no i tråd med måla for 2025. Frå starten av satsinga har det samstundes vore viktig for Helse Vest RHF at ein også har merksemd på indikatorar for gode pasientforløp, noko som blant anna inneber at sjukehusa held avtaler om planlagde kontaktar for pasientar som allereie er i forløp (låg andel passert planlagt tid), og at sjukehusa også får betre resultat for ventetid til operasjon. Dette arbeidet inkluderer mellom anna god planlegging av arbeidstid og pasientkontaktar, og gode prioriteringar av pasientar som har størst nytte av helsehjelpa.  
 
– Arbeidet med å redusere ventetider til operasjon vil ha særleg merksemd i tida framover. Ventetidene for operasjon har auka dei siste åra og det er viktig for regionen at vi reduserer dei. Dette vil krevje godt og grundig arbeid med gode pasientforløp i dei kliniske einingane, og vi vil søkje å støtte dette arbeidet så godt som mogleg frå regionalt hald, seier Vikse.  

mann sitter i stor trapp

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, er glad for at ventetidene på start helsehjelp er gått ned. Han er samstundes oppteken av at ventetidene for operasjon også må ned. - Vi vil søkje å støtte dette arbeidet så godt som mogleg frå regionalt hald, seier han.