Helse Vest satsar på ombruk i byggeprosjekt
Helse Vest og fleire offentlege aktørar går nå saman for å gjere byggebransjen meir miljøvennleg. Målet er å bruke meir av det som allereie finst – i staden for å kjøpe nytt.
Behov for endring
Bygg- og anleggssektoren står for ein betydeleg del av klimautsleppa, både nasjonalt og globalt. I Noreg utgjer sektoren om lag 16 prosent av dei totale utsleppa, medan byggenæringa globalt står for heile 40 prosent av CO2-utsleppa.
På initiativ frå Helse Vest RHF, og i samarbeid med fleire store offentlege aktørar, blir det no jobba målretta for å redusere klimaavtrykket frå offentlege byggeprosjekt. Dette krev innovative løysingar og nytenking i ein bransje som tradisjonelt har hatt store utslepp.
– Det er heilt nødvendig at vi tenker nytt om korleis vi bygger, dersom vi skal nå klimamåla. Difor ser vi no på korleis vi kan ta i bruk meir brukte materialar i byggeprosjekta våre. Ombruk er både smart, økonomisk og bra for miljøet, seier Gro Aarli, Bygg- og eigedomssjef i Helse Vest RHF.
Inviterer marknaden til dialog

Dei offentlege verksemdene bak initiativet, har forplikta seg til å redusere klimaavtrykket frå sine verksemder.
Nå inviterer dei offentlege aktørane marknaden til ein dialogkonferanse, for å diskutere korleis dei saman kan redusere utslepp. Både leverandørar, utbyggjarar, studentar og andre verksemder er invitert, og målet er å inspirere fleire til å tenke nytt om korleis vi bygger.
– Ombruk krev at vi endrar vanar, system og tankesett. Når vi tek i bruk materialar som allereie finst, sparer vi både ressursar og reduserer utslepp – utan at det går på kostnad av kvalitet. Nå startar vi i Bergen 16. juni, seier Aarli.
Digitale marknadsplassar og sporing av materialar
Eksempel på løysingar som kan gjere ombruk mogleg er digitale system som viser kva slags materialar som er tilgjengelege, og kvar dei finst. Det kan også være tenester som sørger for at materialane blir reingjorde, testa og godkjende for ny bruk.
Blant behova som er identifisert, er:
- Digitale marknadsplassar for kjøp og sal av brukte byggevarer
- System for registrering og sporing av materialar
- Tenester for reingjering, testing og godkjenning
- Lagerløysingar for oppbevaring av brukte materialar
– Dette initiativet handlar ikkje berre om å spare pengar, men om å ta ansvar. Når vi brukar materialar om igjen, reduserer vi behovet for ny produksjon. Det betyr lågare utslepp og mindre avfall, avsluttar Aarli.