Her er vinnarane av forskings- og innovasjonsprisen i Helse Vest
Forskingskonferansen løfta fram tre framifrå bidrag til forsking og innovasjon i Helse Vest.

Foto: Helena Heimstad, Helse Bergen.
Vinnarane under forskingskonferansen torsdag kveld.
Frå venstre står fagdirektør i Helse Vest RHF, Bjørn Egil Vikse, nestleiar i styret i Helse Vest RHF, Oddvar Kaarbøe, Tormod Bjånes og Jannicke Wathne, vinnarane av innovasjonsprisen, Øystein Eikrem, vinnar av årets unge forskar, vinnar av årets forskar, Christian Beisland og administrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Eivind Hansen.
Årets forskar, årets unge forskar og årets innovasjon i Helse Vest blei delt ut under den regionale forskingskonferansen 20. november.
– Alle desse tre vinnarane representerer banebrytande og viktig forsking og innovasjon innanfor sine felt. Forsking og innovasjon er heilt avgjerande for å utvikle helsetenesta. Nye løysingar og ny kunnskap gir betre behandling, meir presise metodar og auka livskvalitet for pasientane. Og så er det litt ekstra moro for meg som sjølv har arbeida med nyreforsking i fleire år, å kunne si gratulerer til vinnarane i år, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Vikse har ikkje vore med i utveljinga av vinnarane. Det er eigne eksterne priskomitéar som kårar vinnarane. Dei blei leia av professor Inger Thune (årets forskar og årets unge forskar) og Marit Skyrud Bratlie (årets innovasjon).
Her er vinnarane
- Avdelingssjef og overlege ved Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen, Christian Beisland, er årets forskar. Han står for banebrytande klinisk forsking innan urologi.
- Årets unge forskar er overlege Øystein Eikrem ved seksjon for nyresjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen. Han har utvikla nye metodar for genanalysar av nyrebiopsiar, og teke i bruk kunstig intelligens i samarbeid med internasjonale forskarar.
- Jannicke Wathne og Tormod Bjånes ved Haukeland Universitetssjukehus fekk innovasjonsprisen for den digitale portalen Legemiddelsøknader.no. Portalen gir sjukehusa ei felles og effektiv måte å handtere søknader om kostbare og utprøvande legemiddel.
Årets forskar: Framifrå klinisk forsking innan urologi
Forskinga til Christian Beisland har ført til betre behandling av pasientar med alvorleg sjukdom i nyrer og urinvegar, betre kirurgiske metodar og oppfølging av pasientar med nyrekreft, standardiserte prosedyrar, og auka overleving og livskvalitet hos pasientane.
Arbeidet er no ein del av dei europeiske retningslinjene. Han har også vore leiande i oppbygginga av eit framifrå forskingsmiljø innan urologi ved Haukeland.
– Han har vist at betre kirurgiske metodar kan ha mykje å seie for prognose og behandlingsval. Han har òg vore ein viktig bidragsytar til kunnskapsutviklinga innan urologisk kreftbehandling. Beisland har bygd opp eit sterkt forskingsmiljø, som har resultert i viktige prosjekt og standardiserte prosedyrar, både nasjonalt og internasjonalt, seier Inger Thune, leiar av priskomiteen.

Foto: Øystein Fykse, Helse Bergen.
Avdelingssjef og overlege ved Haukeland Universitetssjukehus og professor ved Klinisk institutt 1 ved Universitetet i Bergen, Christian Beisland, er årets forskar.
Årets unge forskar: Ny kunnskap om nyresjukdommar
Øystein Eikrems si nyreforsking har ført til ny kunnskap for førebygging og behandling av nyresjukdommar. Eikrem leiar i dag nyreforskingsgruppa ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus. Han har opparbeidd seg eit bredt internasjonalt forskingsnettverk. Forskinga har resultert i ny kunnskap hos både eldre og yngre forskarar, og kan gi betre persontilpassa behandling hos desse pasientane.
– Dette er nyskapande forsking. Saman med internasjonale samarbeidspartnarar står han for avanserte genekspresjonsstudiar av nyrebiopsiar og bruk av bioinformatiske undersøkingar. Det involverer både kunstig intelligens og maskinlæring, og det set Norge på kartet internasjonalt, seier Inger Thune, leiar av priskomiteen.

Foto: Øystein Fykse, Helse Bergen.
Årets unge forskar er overlege Øystein Eikrem ved seksjon for nyresjukdommar ved Haukeland universitetssjukehus og førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen.
Årets innovasjon: Digital portal for kostbare legemiddel
Den digitale portalen Legemiddelsoknader.no fekk årets innovasjonspris. Spesialrådgivar Jannicke Wathne ved forskings- og utviklingsavdelinga og overlege Tormod Bjånes ved avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi ved Haukeland Universitetssjukehus står bak innovasjonen.
Portalen gir sjukehusa ei felles og effektiv måte å handtere søknader om kostbare og utprøvande legemiddel på. Tidlegare har kvart sjukehus hatt eigne manuelle rutinar, som har ført til stor variasjon, manglande oversikt og stor ressursbruk. Den nye løysinga gir ei felles, strukturert og transparent prosess for søknader. Den har innebygd avgjerdsstøtte for alle trinn i prosessen, automatisk dokumentasjon og moglegheit for analyse av praksis og prioriteringskriterium. Alle offentlege sjukehus i Noreg kan bruke systemet, som blir lansert nasjonalt hausten 2025. Prosjektet er eit godt døme på korleis digital tenesteinnovasjon kan løyse komplekse utfordringar i helsesektoren.

Foto: Øystein Fykse, Helse Bergen.

Foto: Øystein Fykse, Helse Bergen.
Fakta om forskings- og innovasjonprisene
- Forskingskonferansen i Helse Vest blir arrangert årleg, med deltakarar frå alle helseføretaka i Helse Vest.
- I år blei konferansen arrangert 20.-21. november.
- Kvart år blir det delt ut forskingspris, innovasjonspris og pris til ung forskar. Forskingsprisen og innovasjonsprisen blir delt ut av Helse Vest, medan ung forskar-prisen er ein samarbeidspris med midlar frå Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger, Høgskulen på Vestlandet og Helse Vest.
- For å få forskings- eller innovasjonsprisen, må kandidaten vere tilsett i eit av føretaka i Helse Vest, eller i ein privat ideell institusjon som har avtale med Helse Vest. For å få prisen til ung forskar, må kandidaten vere tilsett eller student ved ein av institusjonane som er med i Regionalt samarbeidsorgan for forsking og innovasjon, vere 40 år eller yngre og ha avlagt doktorgrad.
- Les om kriterium for prisene på Retningslinjer for innovasjons- og forskingsprisar - Helse Vest RHF