Nye metoder: Ny ordning gir rom for vurdering av individuell tilgang

Behandlingsmetodar og legemiddel som ikkje blir innførte av Beslutningsforum etter vurdering i Nye metodar, kan nå likevel bli tilgjengelege for enkelte pasientar. Etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet blir ein ny nasjonal ordning lansert.

Publisert 10.04.2025

Nye metodar er eit felles system for å vedta kva behandlingsmetodar vi kan tilby i spesialisthelsetenesta. Nye metodar tar avgjerder om innføring av behandlingar på gruppenivå. Dette betyr at eit nei frå Beslutningsforum til at ein ny metode, gjeld for heile pasientgruppa som er metodevurdert.  

Individuell tilgang 

Den nye ordninga gir rom for vurdering av individuell tilgang til metodar som, etter vurdering i Nye metodar, er vedtatt ikkje innførte i spesialisthelsetenesta på gruppenivå. 

For pasientar som skil seg vesentleg ut frå den gruppa som er vurdert i metodevurderinga, vil behandlinga kunne bli tilgjengeleg. Dette vil vere ei god ordning for pasientar som i dag ikkje har andre gode alternativ, seier leiar for Beslutningsforum Terje Rootwelt. 

For å vere aktuell for ordninga, må pasienten ha ei vesentleg større nytte av behandlinga, eit høgare alvor av sjukdommen, eller ha andre særskilde medisinske årsaker, som skil dei frå gruppa som er metodevurdert. Dette er beskrive som at pasienten må vere «klinisk eksepsjonell».  

Sjå meir på nettsida til Nye metodar