Kortare ventetid i oktober
Grøne ventetidstal for psykisk helsevern og TSB i Helse Vest i oktober. – Eit teikn på godt arbeid frå alle delar av tenesta på heile Vestlandet, seier assisterande fagdirektør Lars Øhlckers i Helse Vest RHF.

Foto: Jorunn Busk
Både psykisk helsevern vaksne, psykisk helsevern barn og unge og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) har i Helse Vest i oktober ventetidstal som er under det langsiktige målet.
– Dette er veldig gledeleg, og eit teikn på godt og langsiktig arbeid frå alle delar av tenesta på Vestlandet, seier assisterande fagdirektør med ansvar for psykisk helsevern og TSB, Lars Øhlckers i Helse Vest RHF.
Slik er tala for oktober:
Psykisk helsevern vaksne: 35 dagar ventetid (langsiktig mål er under 40 dagar.)
Psykisk helsevern barn og unge: 34 dagar ventetid (langsiktig mål er under 35 dagar.)
Tverrfagleg spesialisert rusbehandling: 23 dagar ventetid (langsiktig mål er under 30 dagar.)
– Fagfolka i sjukehusa har jobba systematisk for å få dette til, for at pasientane skal vente minst mogleg. Naturlegvis blir det prioritert slik at dei pasientane med mest alvorleg problematikk kjem først til, seier Øhlckers.