logo Helse Vest

No ryk eingongsvarmejakkene

I 2020 var ikkje eingongsvarmejakker eit produkt som vart kjøpt inn til sjukehusa i Helse Vest, medan i 2023 blei det brukt 120 000 eingongsjakker i Helse Bergen åleine. Noreg er blant landa med høgast materialforbruk, men no skal forbruket ned.

Publisert 25.11.2024
Sist oppdatert 17.03.2025
Mann i blå skjorte

Foto: Jorunn Busk

Eigardirektør Ivar Eriksen i Helse Vest RHF.

Det globale materialforbruket har tredobla seg dei siste 50 åra, og står i dag for 55 prosent av klimagassutsleppa og 90 prosent av naturtapa i verda.  

Noreg er blant landa med høgast materialforbruk, som ligg 70 prosent over europeisk gjennomsnitt og meir enn tre gonger det planeten toler. 

– I 2020 var ikkje eingongsjakker eit produkt som vart kjøpt inn i sjukehusa, medan i 2023 brukte dei i Helse Bergen åleine 120 000 eingongsjakker, fortel eigardirektør Ivar Eriksen i Helse Vest RHF, som og er leiar for det interregionale samarbeidsutvalet for samfunnsansvar. 

Fase ut i 2026 

Tala blir stadfesta av vaskeriet i Helse Bergen, som melder at krav og etterspurnad av jakker i sjukehuset har eksplodert dei siste tre–fire åra.  

Vaskeriet leverer også fleirgangsjakker, som tilfredsstiller krav til hygiene og kan nyttast i operasjon, men har ikkje kunna levere ønskt volum og det har blitt meir vanleg med eingongsjakker. 

– Dei regionale helseføretaka slutta seg i 2024 til nytt felles klima- og miljømål om å redusere unødvendig forbruk, auke ombruk og materialgjenvinning, seier Eriksen.  

For eingongsjakkene sin del, betyr dette at dei skal fasast ut i løpet av 2026.  

– Det er viktig å understreke at før dei kan erstattast i operasjonsstovene, så må vi sikre at det er eit nytt produkt på plass som held oppe krav om hygienisk standard, seier Eriksen.  

Livsløpsanalyse  

Oslo universitetssykehus har saman med forskingsinstituttet NORUS gjennomført livsløpsanalysar av eingongsvarmejakker målt opp mot fleirbruksjakker.  

Rapporten estimerer at ein overgang til fleirgangsjakkar reduserer 12 tonn plastavfall årleg. Bruk av fleirbruksjakker hadde i tillegg totale kostnader som låg under 80 prosent av dei totale kostnadene for eingongvarmejakker, og viste mindre negativ miljøpåverknad.