Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Nye indikatorar viser forskjellar i dødelegheit

Nye tal frå Helsedirektoratet viser ein auke i dødelegheit blant pasientar med alvorlege psykiske lidingar og rusmiddelproblem. – Indikatorar som dette må vi møte med nysgjerrigheit i tenestene, seier assisterande fagdirektør Lars Øhlckers i Helse Vest RHF.

Publisert 05.12.2025
Mann som lener seg fremover

Foto: Jorunn Busk

Assisterande fagdirektør Lars Øhlckers i Helse Vest RHF.

Helsedirektoratet har lagt fram nasjonale kvalitetsindikatorar om dødelegheit. Ein kvalitetsindikator er eit indirekte mål, ein peikepinn, som seier noko om kvaliteten på området som blir målt.

Blant desse er ein ny, nasjonal indikator, om overdødelegheit hos personar med alvorleg psykiske lidingar.

Følgje med over tid

Dette gjeld personar i aldersgruppa 15-50 år med schizofreni eller bipolar liding, eller med gjenteken eller varig innlegging for angst, spiseforstyrringar eller personlegheitsforstyrringar.

– Helse Vest har vore ein pådrivar for å få ein nasjonal kvalitetsindikator på dette. Overdødelegheit blant pasientar med alvorleg psykisk liding er ein av dei viktigaste forskjellane vi kjenner til i Helse-Noreg, seier assisterande fagdirektør Lars Øhlckers med ansvar for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Vest RHF.

Helse Vest ligg høgast i talet på døde per 100 000 pasientar med alvorleg psykiske lidingar.

Øhlckers seier tala førebels er små, og at vi må følgje med på dette over tid for å få eit tydeleg bilete av korleis trendane er.

– Samanlikningar mellom føretak kan vere vanskeleg når vi skal berekne overdødelegheit i ei pasientgruppe. Helseatlasa viser at det er stor variasjon mellom helseføretak i kor mange som får den same diagnosen, og dermed hamner i pasientgruppa der man undersøker overdødeligheit, seier Øhlckers.

Kritisk blikk

Dette betyr at nokre stader vil fleire med mindre alvorleg problematikk få diagnosen og vere i behandling, enn andre.

– Indikatorar som dette må vi møte med nysgjerrigheit i tenestene. Vi håpar at denne indikatoren kan bidra til det, samtidig som vi kastar eit kritisk blikk på eiga verksemd. Saman kan dette bidra til tenesteutvikling.

Helse Vest har bidrege til planen «Betre helsehjelp – fleire gode år», som peikar på mange tiltaksamråde Øhlckers meiner blir viktige i tida som kjem.

– Målet er at vi skal gjere noko med overdødelegheita, slik at denne pasientgruppa får fleire gode leveår, seier han.  

Gode prosedyrar

Ein annan indikator er 30 dagars overleving etter sjukehusinnlegging for førstegongshjarteinfarkt. Her kjem Helsefelleskapet Sogn og Fjordane dårlegast ut.

– Vi har merkt oss at dei publiserte indikatorane viser det er ein forskjell i internt i regionen, som ikkje stemmer heilt overeins med andre indikatorar vi bruker. Data frå Norsk hjerteinfarktregister har ikkje gitt oss nokon peikepinn på at resultata hos eit sjukehus i Helse Vest skulle gi grunn til bekymring, seier assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF Kim André Noremark med ansvar for somatikk.

Noremark seier at Helse Førde og dei andre sjukehusa i regionen arbeider kontinuerleg med kvalitet og forbetring i, og dette skjer uavhengig av desse kvalitetsindikatorane.

– Helse Førde har gode prosedyrar og godt system på dette, understrekar han.

Dei publiserte tala frå Helsedirektoratet visar også resultat innan antibiotikabruk, diabetes, fødsel, helsetenesteassosierte infeksjonar, kreft, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Det er svært mykje gode resultat for helseføretaka i regionen i desse tala.