logo Helse Vest

Nye klima- og miljømål i 2024

I 2024 har dei administrerande direktørane i helseregionane slutta seg til to nye, ambisiøse klima- og miljømål, samt nye indikatorar som skal hjelpe oss å nå måla.

Publisert 28.11.2024
Sist oppdatert 17.03.2025
En kvinne med briller

Foto: Jan Inge Haga

Administrerande direktør Inger Cathrine Bryne i Helse Vest RHF.

Dei nye måla er:

  1. Redusere unødvendig forbruk, auke ombruk og materialgjenvinning
  2. Berekraftig skjøtsel av natur

Redusere unødvendig forbruk:

Det første målet handlar om å redusere miljøavtrykket med å redusere unødvendig forbruk og fremje ein sirkulær økonomi kor ressursar blir brukt meir effektivt og berekraftig. Det er eit mål å bruke meir fleirgangsutstyr som kan vaskast og brukast igjen, i plassen for utstyr som blir brukt ein gong før det blir kasta. Dette vil og redusere mengda avfall.

Berekraftig skjøtsel av natur:

Det andre målet skal signalisere at vi varetek vårt ansvar for å vurdere naturen rundt oss, både korleis naturen påverkar oss og korleis vi påverkar naturen med vår verksemd.

– Dette er viktige mål for oss, og det er også viktig for å sikre beredskapen at vi kan utnytte ressursar betre og nytte utstyr som kan brukast fleire gonger.  I krisesituasjonar der forsyningskjedene kan bli forstyrra er det viktig at sjukehus er meir sjølvforsynte og mindre sårbare for mangel på utstyr, seier administrerande direktør i Helse Vest RHF, Inger Cathrine Bryne.

Nye offensive indikatorar

For å følgje opp forbruket vårt, treng vi gode styringsdata. Vi vil leggje til rette for at føretak og einingar kan følgje opp forbruket og sjå sin effekt av tiltaka som blir sett i gang.

Unødvendig forbruk:

Forbruket av usterile hanskar skal tilbake til 2019-nivå, eller reduserast med 30 prosent frå 2024-nivå. Etter pandemien har forbruket stabilisert seg på eit høgare nivå, og dette må vi no redusere.

Ombruk:

Vi skal redusere forbruket av engongsvarmejakkar i 2025, og fase dei ut innan 2026. Før vi kan erstatte dei i operasjonsstovene, må vi sikre at nye produkt opprettheld hygieniske standardar.

Materialgjenvinning:

Vi har som mål å resirkulere 60 prosent av husholdningsliknande avfall innan 2030. Dette er eit krav frå EU, og vi må sørgje for at avfallsleverandørane har system for gjenvinning. Første steg for sjukehusa vil vere å sortere avfallet.