Ønskjer å gjere Helse Vest IKT til eit helseføretak
Helse Vest RHF vil endre Helse Vest IKT frå eit aksjeselskap til eit helseføretak. På den måten vil Helse Vest IKT bli ein meir integrert del av føretaksgruppa i Helse Vest.
Frå opprettinga av selskapet i 2004 har Helse Vest IKT vore eit aksjeselskap, eigd av Helse Vest RHF. På styremøtet i Helse Vest RHF 5. mars vedtok styret å starte prosessen med å gjere om Helse Vest IKT frå eit aksjeselskap (AS) til eit helseføretak (HF).
– Vi gjer dette for å styrkje samarbeidet i føretaksgruppa. Oppdraget til Helse Vest IKT vil vere det same. Dette inneber inga omorganisering i verksemda. Ei slik omdanning vil først og fremst forenkle styringa av føretaket, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest RHF, og held fram:
– Helse Vest IKT vil bli ein meir integrert del av føretaksgruppa i Helse Vest. Dei vil vere underlagt same regelverk som dei øvrige helseføretaka, og blant anna kunne følgje same regime for berekraft.
Prosessen startar no
IKT-einingane i dei andre helseregionane, Sjukehuspartner, Helse Nord IKT og Hemit, er allereie etablert som helseføretak.
Omdanninga vil skje i løpet av 2025. Du kan sjå detaljane i styresaka frå 5. mars.
Styret i Helse Vest RHF vil gjere eit endeleg vedtak om endringa i løpet av året.
Kva gjer Helse Vest IKT?
- Helse Vest IKT leverer IKT-tenester til sjukehusa og sjukehusapoteket i Helse Vest.
- I 2024 arbeidde 750 medarbeidarar i Helse Vest IKT, fordelt på Førde, Bergen, Haugesund, Stavanger, Voss, Odda, og Stord.
- Medarbeidarane i Helse Vest IKT sørgjer for drift og vedlikehald av IT-system, utvikling av nye løysingar og support til brukarane.
- Helse Vest IKT blei oppretta i 2004.
- Kontakt Helse Vest IKT via nettsida.