Positiv utvikling i ventetidene i Helse Vest
Helseføretaka i Helse Vest gjer ein stor innsats for å redusere ventetidene, og førebelse tal for mars viser at gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar har gått betydeleg ned.
I februar fekk alle helseføretaka i Noreg eit forsterka oppdrag frå helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre om å auke behandlingsaktiviteten for å korte ned ventetidene. Dei siste månadene har sjukehusa på Vestlandet intensivert innsatsen på dette området. Det har inkludert omfattande bruk av kvelds- og helgepoliklinikkar, og auka samarbeid med private aktørar. Førebelse tal for mars tyder på at dette har hatt betydeleg effekt på ventetid for ventande pasientar og tal ventande pasientar med lang ventetid (over 90 dagar).
Ventetida for ventande pasientar er nå i tråd med målsettinga for alle sektorar i alle helseføretak. Gjennomsnittleg ventetid for ventande pasientar nå:
- 53 dagar innan dei somatiske fagområda
- 32 dagar innan psykisk helsevern for vaksne
- 29 dagar for psykisk helsevern barn og unge
- 16 dagar innan TSB
Det er også ein reduksjon i tal ventande pasientar som har venta meir enn 180 dagar. Ved utgangen av mars viste utviklinga følgande:

– Det er gledeleg å sjå at det er både kortare ventetider og færre pasientar som må vente lenge samanlikna med tidlegare månader, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Helseføretaka har hatt særleg merksemd på å behandle pasientar med lang ventetid. Det inneber at ventetida for behandla pasientar er noko høgare enn ventetida for ventande pasientar.
Utviklinga for ventetidene i Helse Vest er i ei god retning, men fagdirektøren understrekar at det er viktig å jobbe med varige tiltak for å halde oppe dei gode resultata, og framleis ha høg merksemd mot utviklinga utover våren.
– Dette inkluderer målretta oppfølging av fagområde med særskilde utfordringar og kontinuerleg dialog med tillitsvalde og verneombod, seier Vikse.