Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Simple held fram ved Solli DPS

Den digitale treningsplattforma Simple for sjølvmordsførebygging blir vidareført ved Solli DPS, sjølv om prosjektleiar Leif Arvid Øvernes sluttar ved årsskiftet. Programmet, som blir drifta vidare i tett samarbeid med Helse Vest, er allereie teke i bruk av over 13 000 helsepersonell i heile landet.

Publisert 18.12.2025
Bygninger fra luften

Foto: Solli DPS

Den digitale treningsplattforma Simple for sjølvmordsførebygging blir vidareført ved Solli DPS.

Simple er utvikla ved Solli DPS og kombinerer digital ferdigheitstrening med lokale, fysiske workshopar. Plattforma har blitt eit sentralt verktøy i arbeidet med å styrkje klinisk kompetanse innan sjølvmordsførebygging i spesialisthelsetenesta.

– Det har vore ei fem år lang reise å byggje opp og implementere Simple, og det har vore utruleg givande å samarbeide med fagmiljøa for å byggje opp ei felles, nasjonal opplæring i sjølvmordsførebygging,  seier Leif Arvid Øvernes, avtroppande leiar for Simple, Solli DPS.

Blir vidareført frå Solli DPS

Simple står for Solli Individtilpasset Metodikk for Praksisnær Læring og Ekspertise  (Simple.no). Programmet starta som eit innovasjonsprosjekt ved Solli DPS i 2021, vart eit interregionalt samarbeid i 2022 og blei implementert nasjonalt i 2024–2025.

– Den nasjonale retningslinja er tydeleg på at vi må sikre klinikarane god opplæring og ferdigheitstrening, og eg er glad for at vi med Simple har fått høve til å gi nettopp dette, seier Øvernes.

Ved Solli DPS blir det understreka at satsinga held fram, sjølv om Øvernes no går vidare til nye oppgåver.

– Vi på Solli DPS er veldig stolte av arbeidet som Leif Arvid har gjort med Simple, og bidraget hans til å gjere Simple til eit nasjonalt verktøy som allereie er teke i bruk av 13 000 helsepersonell landet rundt. Solli DPS vil i tett samarbeid med Helse Vest drifte Simple vidare og sikre god kvalitet også i framhaldet. Vi ønskjer Leif Arvid lykke til med nye, spennande prosjekt, seier direktør ved Solli DPS, Frédéric André Eftevåg Larsen.

Viktig også framover

Også Helse Vest peikar på betydninga av Simple i tida som kjem.

– Simple har vore eit viktig verktøy i arbeidet med å implementere nye nasjonale, retningslinjer for sjølvmordsførebygging. Arbeidet held framleis fram i helseføretak i heile landet. Vi har fått gode tilbakemeldingar på verktøyet, og ventar at mange vil ha stor nytte av Simple også gjennom 2026, seier assisterande fagdirektør med ansvar for psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Helse Vest, Lars Øhlckers.