Skal få råd om utviklinga av behandlingstilbodet innan gynekologisk kreft
Saman med sjukehusa i regionen har Helse Vest bestemt å gjere ei fagfellevurdering av tilbodet til pasientar med gynekologisk kreft.
Ei fagfellevurdering vil seie at uavhengige ekspertar innan gynekologisk kreft går gjennom kvaliteten i behandlingstilbodet i Helse Vest slik det er i dag. Rapporten skal også brukast for å betre tilbodet i eit lengre perspektiv.
– Fagmiljøa i sjukehusa arbeidar allereie godt og kontinuerleg for eit enda betre tilbod. Med ei fagfellevurdering i tillegg kan vi få råd om korleis vi kan sikre at pasientane får gode og likeverdige tilbod også i framtida, seier Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF.
Les om fagfellevurderinga i administrerande direktørs orientering i styremøtet 9. april.
Kvifor gjer vi fagfellevurderinga?
Helse Vest RHF vil be ein eksternt leverandør om å legge til rette for fagfellevurderinga. Det er fleire grunnar til at vi gjer fagfellevurderinga no:
- Dei fire sjukehusa i Helse Vest har i mange år samarbeidd tett, for å gi eit godt tilbod til pasientar med gynekologisk kreft. Haukeland universitetssjukehus har ei viktig regional rolle men har i delar av 2024 mangla nøkkelpersonell. Situasjonen synleggjorde sårbarheita for tilbodet, men også kor viktig det var med godt regionalt samarbeid – og at andre sjukehus, spesielt Stavanger universitetssjukehus, kunne bidra med kompetanse og kapasitet.
- Den nasjonale kreftstrategien blei lagt fram i februar. Den seier at Noreg skal vere eit føregangsland innan kreft.
- Regjeringa la også fram kvinnehelsestrategien i slutten av 2024. Den ga klar beskjed om at vi skal løfte kvinnehelse, og at alle, uavhengig av kjønn, skal ha likeverdige høve til god helse og livskvalitet.
– Vi har vore bekymra for situasjonen, og er glad for at det er jobba godt med forbetring og med rekruttering av fagfolk. Vi vurderer at pasientane får eit godt tilbod. Den fagfellevurderinga vi no gjer handlar om å byggje ei robustheit for behandlinga av gynekologisk kreft i heile regionen vidare, og auke kvaliteten i eit lenger perspektiv, seier Vikse.
Vurderinga blir følgd opp regionalt
Det er fagdirektøren i Helse Vest RHF som har ansvaret for gjennomføringa.
– Vi vil engasjere to eller tre utanlandske ekspertar innan gynekologisk kreft, som meistrar nordisk språk. Fagfellevurderinga avgrensar seg til ein gjennomgang av planverket, skriftlege rutinar og beskrivingar av tenesta, relevante kvalitetsdata og intervju med leiarar og fagpersonar på sjukehusa i regionen. For enkelte pasientgrupper kan det vere nødvendig å gå gjennom anonymiserte journalar, seier Vikse.
Fagfellevurderinga er planlagd at skal gjennomførast i løpet av seks månadar.
Når fagfellevurderinga er gjennomført, vil Helse Vest, saman med sjukehusa, følgje opp rapporten. Fagfolk i sjukehusa, brukarrepresentantar og tillitsvalde vil bli involverte i den prosessen.
