Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Styrkar beredskapen: Felles plan for krigssituasjonar

Dei regionale helseføretaka har utarbeida ein felles plan for krigssituasjonar, som vart vedtatt i styremøtet i Helse Vest RHF onsdag. Den beskriv korleis dei regionale helseføretaka skal sørgje for samordning og koordinering av spesialisthelsetenester til sivilbefolkninga og militære styrker om det blir krig.

Publisert 18.12.2025

– Helseregionana har omfattande planar for beredskap. Men den sikkerheitspolitiske situasjonen har endra seg, Stortinget har gitt klare føringar om styrkt beredskap. Derfor har dei fire helseregionane i Noreg gått saman om ein felles plan, som beskriv korleis vi  skal samarbeide når det verkeleg gjeld, seier Thomas Iversen, beredskapsleiar i Helse Vest RHF.  

Styret i Helse Vest RHF har vedteke å slutte seg til planen, etter at han var oppe i styremøtet 17. desember.  

Det er ansvaret dei regionale føretaka har som er bakgrunnen for at planen er utarbeidd. Saman med Helse Nord, Helse Midt og Helse Sør Øst, har Helse Vest sørgje for-ansvaret også i beredskap og i krig. Les meir om ansvaret alle aktørane har i den nasjonale helseberedskapsplanen.   

Felles beredskapsinnsats  

Planen skal bli testa gjennom fleire øvingar i 2026 som vil bidra til å utvikle planen videre. 2026 er også totalforsvarsåret i Noreg.  

Dette inneheld planen mellom anna: 

  • Struktur for beredskapsmøte mellom helseregionane, der hensikta blant anna er felles situasjonsforståing, interregionale avklaringar og koordinering på ulike område. 
  • Struktur for å koordinere pasientflyt og fordele pasientar mellom regionane.  
  • Korleis regionane handterer utfordringane innan forsyning og logistikk av kritiske innsatsfaktorar, som utstyr, legemidlar og blod. 
  • Koordinere personellbehov, og bruk av alternative ressursar og kompetanse, som det vil være behov for i sjukehusa eller ved behandling av krigsskadde. 

Sjølve planen er unntatt offentlegheit. 

Mann på kontor

Foto: Jorunn Busk

Thomas Iversen er beredskapsleiar i Helse Vest RHF. 

 

– Vi håpar aldri vi skal bruke denne planen, men vi må vere førebudde. Jobben vår er å bidra til at helsetenesta fungerer, også i ein krigssituasjon. Vi må samarbeide på tvers av regionane for å sørgje for nødvendig helsehjelp for befolkninga, seier Iversen.