Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tar for mange prøvar: Ni tiltak mot overforbruk

I heile landet har talet på laboratorieanalysar auka kraftig dei siste åra. Mange av desse analysane vert gjort utan at det er god medisinsk grunn. Ni tiltak skal få ned overforbruket.

Publisert 27.06.2025

Det kjem fram i den nye, nasjonale rapporten “Variasjon i bruk av laboratorietenester”. 

– Kvar dag gjer vi mange unødvendige laboratorieanalysar i helsevesenet. Det kostar samfunnet store ressursar, utan å tilføre pasientane reell verdi. Unødvendige laboratorieanalysar aukar risikoen for tilfeldige funn, som kan føre til unødvendig bekymring, og utgreiing og behandling som ikkje hjelper pasientane, seier Gunnar Mellgren, direktør ved Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og ein av deltakarane i det nasjonale prosjektet “Variasjon i bruk av laboratorietenester”.   

I tillegg til at talet på analysar aukar, er det også store forskjellar mellom landsdelane.  

– Det betyr at heilt friske folk kan bli utsatt for overdiagnostikk og overbehandling. Det er ikkje god bruk av dei felles ressursane våre. Det kan i verste fall føre til at pasientar får behandling sjølv om dei ikkje treng det, eller at pasientar som verkeleg treng det, ikkje får rett behandling til rett tid, seier Mellgren. 

En mann med briller
Gunnar Mellgren er direktør ved Laboratorieklinikken i Helse Bergen, og ein av deltakarane i det nasjonale prosjektet “Variasjon i bruk av laboratorietenester”. Foto: Katrine Sunde, Helse Bergen.

Dobbelt så mange vitamin D-analysar i aust 

Dei fire helseregionane har jobba saman, for å finne ut av kva tiltak som kan redusere variasjonen og overforbruket. Forslaga er no samla i to rapportar, som er sende til Helse- og omsorgsdepartementet. Prosjektet har blitt leia av Helse Vest.  

I nokre tilfelle kjem forskjellane frå tradisjon, andre frå lokale rutinar eller ulike økonomiske insentiv. Ina Wille, prosjektleiar og spesialrådgivar i Helse Vest RHF, og tidlegare fastlege og spesialist i allmennmedisin, trekk fram analyse av D-vitamin som eit godt eksempel.  

– Her viser tala at det blir tatt dobbelt så mange D-vitaminanalysar i Østfold som i Finnmark per person. I tillegg blir det tatt mange fleire slike analysar hos kvinner enn hos menn. Det er ikkje noko reell grunn til at variasjonen skal vere sånn. Det blir gjort mykje godt arbeid, og prøvane som blir tatt, kan vere i beste meining. Men når vi no har kunnskapen som viser at det er eit overforbruk, så er det eit leiaransvar og eit felles ansvar å sjå på korleis vi kan få endra dette, seier Wille. 

En kvinne som smiler til kameraet
Ina Wille er prosjektleiar for rapporten og spesialrådgivar i Helse Vest RHF. Hun er også tidlegare fastlege og spesialist i allmennmedisin. Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF.

I rapporten finst det fleire eksempel: 

  • Ferritin brukast til å sjekke jernlager. Her varierer bruken mykje, og den blir brukt oftare i områda der prøvane blir sendt til private laboratorium. 
  • Alkoholmarkøren PEth brukast for å sjå etanol i blodet. Denne analysen er mest brukt i Helse Midt og Sør-Aust, men lågare i Helse Nord og Vest. Prøveraten er cirka fire gonger høgare i nedslagsfeltet til Diakonhjemmet sjukehus enn til nabosjukehuset OUS, og fem gonger høgare enn til Helse Fonna. 

Systematisk jobb i Bergen gav resultat 

Fleire laboratorium har allereie jobba systematisk for å få ned talet på analysane som ikkje er nyttige. Medisinsk klinikk og Kreftklinikken i Helse Bergen har klart å redusere dei bestilte analysane med over 15 prosent i året.  

– Det nyttar å setje forbruket av laboratorieanalysar på agendaen. Ei tydeleggjering av legen sitt ansvar for å bestille og følgje opp blodprøvar, kontinuerleg oppfølging og rettleiing i dei kliniske avdelingar bidrar til riktige analysar til rett tid for pasientane, seier Mellgren. 

Ni tiltak mot overforbruk 

I rapporten er det ni tiltak, som er foreslått for å få ned overforbruket. Desse tiltaka skal behandlast i Helse- og omsorgsdepartementet, før implementeringa blir sett i gang. 

  1. Etablere nasjonalt laboratorienettverk: Opprette eit nasjonalt laboratorienettverk, som skal utvikle retningslinjer, måle etterleving, bidra til kompetanseheving og sikre rett bruk av laboratorietenester. 
  2. Krav til IKT-integrasjon: Rekvirentane, som fastlegane, må få informasjon om prøvesvara lett tilgjengeleg. Det blir nå jobba med via pasientens prøvesvar.  
  3. Funksjonalitet for rettleiing og intervall for retesting: Innføre funksjonar i journalsystema, som hindrar hyppig testing, gir rettleiing om når prøvene bør takast på ny, og støttar reflekstesting. Reflekstesting vil seie at ein startar med å bestille ei eller nokre få analysar. Dersom desse vert positive, så vert det automatisk bestilt fleire analysar. 
  4. Kompetanseheving i utdanninga: Laboratoriefaga må prioriterast i medisinstudiet og spesialistutdanninga, med eigne læringsmål for rett bruk av laboratorietenester. 
  5. Synleggjere rekvireringspraksis: Publisere rapportar som viser rekvireringsmønster for kvar enkelt rekvirent, og samanlikne det med nasjonale og regionale gjennomsnitt. 
  6. Deling av lokale initiativ: Lage ein nasjonal database , der lokale tiltak og erfaringar blir delte.  
  7. Endre finansieringsmodellen: Den aktivitetsbaserte finansieringa må reduserast, og rammefinansieringa auke. På den måten blir ikkje laboratorieverksemdene like styrte av økonomiske insentiv, som kan føre til overforbruk.  
  8. Auke basistilskotet for fastlegar: Auke basistilskotet til fastlegane, og redusere den aktivitetsbaserte delen av finansieringa som går på laboratorieanalysar. 
  9. Endre forskrifter for private laboratorium: Private laboratorium bør forhalda seg til volumavtalar med dei regionale helseføretaka. I tillegg bør rekvireringsmogelegheitene til aktørar som berre tilbyr digital pasientkontakt, avgrensast. 

– Om vi gjer mindre av dei unødvendige tinga, så kan vi bruke ressursane på det som faktisk har effekt, avsluttar Wille. 

Tidlegare har Helse Vest RHF også levert ein rapport til helse- og omsorgsdepartementet om overforbruk av radiologiske tenester: Grep mot overforbruk av radiologiske tenester - Helse Vest RHF 

 

Kva er ei analyse? 

  • Fastlegen eller helsepersonell på sjukehuset tar blodprøve av pasienten, og sender den inn til eit laboratorium. 
  • I laboratorium blir ei analyse brukt for å studere materialet nærare, og finne ut kva det består av, eller kva eigenskapar det har. 
  • Det finst ulike analysar, for eksempel kjemiske analysar (av blodprøver), mikrobiologiske analysar (for å identifisere bakteriar og virus) eller mikroskopiske analysar (som vevsprøver).