Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilrår pasienttryggleiksindikatorar for sjukehusa

Spesialisthelsetenesta har behov for betre oversikt over pasientskadar, at det er trygt å melde, og system som sikrar læring av uønskte hendingar. Ein ny rapport gir no tilrådingar til pasienttryggleiksindikatorar som kan bli ei god støtte for sjukehusa til å følgje opp risikoområde.

Publisert 17.12.2025
En gruppe mennesker som poserer for et bilde

Foto: Elisabeth Huseby

Prosjektgruppa som har jobba med indikatorane og rapporten.

Premissane for rapporten er gitt i Rammeverk for bedre pasient- og brukersikkerhet i Nasjonal helse- og sykehusplan 2024–2027 (Meld. St. 9 (2023–2024)).

– Det har vore eit mål å lage indikatorar som skal kunne brukast i lokalt forbetringsarbeid, samtidig som det gir nyttig informasjon om pasienttryggleik på eit nasjonalt og regionalt nivå, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Det står att noko arbeid med tilrettelegging av datauttrekk og publisering av indikatorar.

– Men når dette er klart vil det vere viktig at helseføretaka tek dette i bruk og følgjer dette opp, seier Vikse.

På sikt er det ønskeleg med ei nasjonal visning av indikatorane på helseføretaknivå.

14 tilrådde indikatorar

Prosjektgruppa bak arbeidet foreslår eit sett med 14 indikatorar, som tek utgangspunkt i område med høg risiko for skade eller svikt, eksempelvis legemiddelområdet.

– Det er ikkje indikatorane i seg sjølve som er det viktigaste, men at helseføretaka tek tak i låg måloppnåing og startar forbetring på bakgrunn av indikatoren. Vi har prøvd å finne generiske indikatorar som ikkje er knytte opp til enkelte fagområde, med nokre unntak, seier leier av arbeidet, seniorrådgivar Charlotta Schaefer i Helse Vest RHF.

Prosjektgruppa meiner at det er krevjande å finne gode overordna resultatmål, men at dette settet med indikatorar kan bli ei god støtte for sjukehusa til å følgje opp risikoområde.

  • Pasienterfaringsundersøking
  • Måling av pasienttryggleiksklima
  • Bruk av sjekkliste Trygg kirurgi
  • Blodbaneinfeksjonar
  • Systematisk opplæring i sjølvmordsførebygging blant helsepersonell
  • Forbruk av breispektra antibiotika
  • Simuleringsbaserte opplæringsaktivitetar
  • Screening for delirium
  • Screening for forverra somatisk tilstand
  • Tilstand hos nyfødde
  • Reinnleggingar innan 30 dagar
  • Legemiddelsamstemming inn og ut
  • 30-dagars overleving
  • Risikovurdering for underernæring

Behov for vidareutvikling

Rapporten peiker på at GTT-metoden gir verdifull informasjon om pasientskadar nasjonalt, men at metoden må utviklast vidare og automatiserast før ein kan tilrå han som lokal indikator.

Indikatorane skal reviderast jamleg for å sikre at dei treffer område med størst risiko for svikt.

Neste steg

Prosjektgruppa tilrår at kliniske miljø blir involverte i å identifisere relevante problemstillingar og indikatorar for lokalt arbeid. Rapporten skal bli sendt til Helse- og omsorgsdepartementet i desember, etter styrebehandling i dei fire RHF-a. Etter at rapporten er send Helse- og omsorgsdepartementet vil utvikling og justering av indikatorane bli eit eige oppdrag.

Her finn du styresaka frå styremøte i Helse Vest den 17.12.25