Trusselvurdering 2025: Det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta
I dag blir trusselvurderinga for spesialisthelsetenesta publisert. Trusselvurderinga belyser truslar knytt til utpressing, løysepengevirus, cyberspionasje, destruktive cyberangrep og sabotasje som kan ramme sjukehusa.
– Trusselvurderinga er viktig for å forstå det digitale trusselbildet spesialisthelsetenesta står overfor. Den gir oss innsikt i kven som ønsker å ramme våre IKT-system og digitale løysingar, og korleis dei kan gjere det. Denne kunnskapen er avgjerande for at vi skal vere godt førebudd, seier Inger Cathrine Bryne, administrerande direktør i Helse Vest RHF.

Det er dei fire IKT-leverandørane i helseregionane og Norsk Helsenett som har utarbeidd trusselvurderinga. Vurderinga skal gi ei skildring av det digitale trusselbildet mot spesialisthelsetenesta, og vil gjelde for eitt år fram i tid.
– Trusselvurderinga for 2025 er resultatet av eit grundig arbeid og eit godt samarbeid. Vurderinga er eit viktig verktøy i IKT-sikkerheitsarbeidet til alle dei fire regionane, seier Bryne.
Krevjande sikkerheitspolitisk situasjon
Helse Vest IKT har leia arbeidet med årets trusselvurdering. Aksel Bruun, informasjonssikkerheitsleiar i Helse Vest IKT, fortel korleis dei har arbeidd for å møte dei nye utfordringane.
– Det er krig i Europa, og dette set Noreg i ein krevjande sikkerheitspolitisk situasjon. Det transatlantiske samarbeidet har endra seg i år, noko som òg har ein innverknad, seier han.

Spesialisthelsetenesta spelar ei viktig rolle i totalforsvaret, og dei regionale IKT-leverandørane har ansvar for kritisk infrastruktur i sjukehusa.
– Med kritisk infrastruktur meiner vi all teknologisk støtte sjukehusa treng i pasientbehandlinga. Det er dei fire regionale IKT-leverandørane som forvaltar og har ansvar for helseopplysningane til innbyggarane i landet vårt. Difor er det heilt avgjerande at vi har god kontroll på denne infrastrukturen, og sørger for god beskyttelse og motstandsdyktigheit mot avanserte digitale truslar, seier Bruun.