Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Vil gi betre tilbod til dei som slit med overeting

Overetingsliding er den mest vanlege spiseforstyrringa. Likevel er det få tilbod til dei som slit med dette. Friskliv og mestring i Stavanger kommune har laga eit program med stor suksess. No vil dei vidareutvikla samarbeidet med spesialisthelsetenesta, slik at pasientane får eit heilskapleg tilbod.

Publisert 02.07.2026
En gruppe kvinner som står på en steinete strand

Foto: Jorunn Busk

F.v.: Psykologspesialist Mari Helgevold, klinisk ernæringsfysiolog Cesilie Mikalsen Kalvenes og fysioterapeut Gunhild Flatin Oftedal ved Friskliv og mestring.

Saka oppsummert

  • Helse Vest og kommunane har avdekt eit stort manglande behandlingstilbod for personar med overetingsliding.
  • Skam og manglande kunnskap gjer at mange ikkje søkjer hjelp, og fleire lever lenge med overetingsliding utan å vere klar over at dei har ei spiseforstyrring.
  • Kommunale tilbod som Friskliv og mestring og ROS gir tidleg støtte og rettleiing, og har utvikla program som hjelper personar med å forstå og handtere utfordringane sine.
  • Helse Vest ønskjer å utvikle samarbeidet mellom kommune og spesialisthelseteneste, slik at pasientar får rett hjelp til rett tid og ikkje fell mellom ulike tenester.

 

– For å skapa gode pasientforløp, må kommunen og sjukehus sjå tilboda sine i samanheng, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF.

Helse Vest har sidan hausten 2024 jobba med å styrkje fagfeltet spiseforstyrringar, både med å auka kompetansen i helseføretaka, samhandlinga mellom nivåa og å styrkja kompetansen til pårørande.

Arbeidet er gjort i tett samarbeid med kommunane, som også har kasta eit kritisk blikk på sine tenester.  

– Gjennom dette arbeidet kom det fram at det i stor grad manglar eit behandlingstilbod til pasientar med overetingsliding, seier Mæland i Helse Vest RHF.

Rundt tre prosent av befolkninga lever med ei slik spiseforstyrring. Overetingsliding er altså utbreidd, men likevel er det få som ber om hjelp.

– Vi sende ut spørjeskjema til alle kommunane i Helse Vests opptaksområde. Av dei svara me fekk inn var det få som kunne seie at dei hadde eit tilbod, men vi fann også nokre gode eksempel, seier seniorrådgivar Carina Mæland i Helse Vest RHF.

– Møter enormt mykje skam

Rådgivning om spiseforstyrrelser (ROS) og kommunale tilbod som Friskliv og mestring er blant dei som har tilbod og kan gi tidleg hjelp, rettleiing og støtte til personar med byrjande overetingsvanskar.

– Vi møter enormt mykje skam. Mange tenkjer at «dette må eg klara sjølv». Dei seier til seg sjølve at dei berre må trene meir og spise mindre, og går lenge åleine med problema, utan å forstå kva dei eigentleg strevar med, fortel klinisk ernæringsfysiolog Cesilie Mikalsen Kalvenes ved Friskliv og mestring i Stavanger kommune.

Lev med spiseforstyrring utan å vite det

I Stavanger kommune er Friskliv og mestring, som også inkluderer Rask psykisk helsehjelp, ein del av avdelinga for helsefremming og mestring på Helsehuset.

– Ofte kjem deltakarar hit fordi dei ønskjer å gå ned i vekt. Når me set ord på ting som «trøysteeting», ser me at det skjer noko. Mange får ei slags oppvakning, for dei fleste har aldri høyrt om overetingsliding før, seier ho.

Erkjenninga kan vere tung.

– For mange er det skremmande å innsjå at dette ikkje berre handlar om viljestyrke, men faktisk kan vere ei spiseforstyrring dei lever med. Då må me jobbe med spiseforstyrringa først, før vi går vidare til livsstilsendring og vektnedgang.

Godt program som gir god hjelp

Programmet som Friskliv og mestring har laget, består av 11 samlingar over 11 veker, der sju av samlingane varer tre timar og dei resterande samlingane er prosessgrupper på halvannan time. Det krev at deltakarane tek fri frå jobb, og dei må gi mykje av seg sjølve undervegs.

– Det er kjempekrevjande for deltakarane, men vi synest at programmet har blitt utruleg bra. Framover ønsker vi at dei som har ein overetingsproblematikk før det har blitt ei skikkeleg liding skal komme til oss, og at spesialisthelsetenesta kan ta dei djupare og meir omfattande tilfella, seier Mikalsen Kalvenes.

Store mørketal

Mørketala er store på kor mange som strever med overeting. Lidinga blir kjenneteikna ved hyppige episodar med inntak av store mengder mat, med ei kjensle av å miste kontrollen over kor mykje du et.

– Den største utfordringa for denne gruppa er å få hjelp. I samfunnet er det mykje stigma knytte til høg vekt, seier Marianne Clementine Håheim ved ROS sitt hovudkontor i Bergen.

En kvinne med rødt hår

Foto: Sunniva Mollandsøy

Sunniva Beeder Mollandsøy.

Sunniva Beeder Mollandsøy er psykolog og prosjektleiar i ROS. Ho møter mange menneske med overetingsliding i rådgiving og grupper.

– Mange får skrive ut GLP-1-medisinar (som Wegovy og Ozempic) utan at forholdet til mat og kropp er kartlagt, og utan at det er vurdert korleis medisinane kan påverke overetingslidinga, seier ho.

Slike medisinar tek berre for seg sjølve vektnedgangen, ikkje rotårsaka til overetinga.

God oppgåvedeling mellom kommune og sjukehus viktig

Tidlegare var ikkje overeting definert som ei eige liding i diagnosemanualen, men i sjukdomsklassifikasjonssystemet ICD-11 er han det.

– I regionen vår må vi jobbe vidare med god oppgåvedeling mellom kommune og spesialisthelseteneste, slik at pasientane får tidleg hjelp, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF.

ROS og kommunale tilbod som Frisklivssentralen, kan gi tidleg hjelp, rettleiing og støtte til personar med byrjande vanskar.

– Når overetingslidinga er meir alvorleg, og går tydeleg ut over helse, funksjon og kvardagsliv, kan pasientane få vurdering og behandling i spesialisthelsetenesta. Målet er at pasientane skal møta rett hjelp på rett nivå – og sleppa å falla mellom tenestene, seier Mæland.