Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

18 prosjekt får innovasjonsmidlar frå Helse Vest RHF

Helse Vest RHF deler ut over 16 millionar kroner til 18 innovasjonsprosjekt i 2026. Prosjekta skal bidra til betre pasienttenester, nye arbeidsmåtar og smartare bruk av ressursar i sjukehusa.

Publisert 01.06.2026

Det kom inn 66 søknader då Helse Vest RHF lyste ut innovasjonsmidlar for 2026. No får 18 prosjekt støtte til å utvikle nye løysingar for pasientbehandling, samhandling og ressursbruk i spesialisthelsetenesta. 

Innovative løysingar for betre helsetenester 

Innovasjonsmidlane skal støtte løysingar som gir betre kvalitet i tenestene, meir effektiv ressursbruk og nye måtar å jobbe på. Det var mogleg å søkje både om midlar til nye innovasjonsprosjekt og til idéoverføring. 

Av dei 18 prosjekta som får støtte, er 12 nye innovasjonsprosjekt og 6 prosjekt innan idéoverføring. Tildelinga viser stor breidde – frå heimesjukehus og digital samhandling til kunstig intelligens, betre pasientforløp og nye behandlingsformer. 

– Det er svært gledeleg å sjå så mange gode innovasjonsprosjekt frå heile regionen. Prosjekta som får støtte, viser både høg kvalitet og eit sterkt engasjement for å utvikle betre og meir berekraftige helsetenester for pasientane, seier Ivar Eriksen, eigardirektør i Helse Vest RHF. 

Du kan lese meir om kva slags satsingsområde som blei prioritert i årets utlysing på denne sida.  

Desse prosjekta får innovasjonsmidlar i 2026 

  • 1,2 mill. kroner: Testarena Teknologi – raskare og tryggare veg frå idé til implementert helseteknologi (Helse Bergen HF, FoU-avdelinga) 
  • 400 000 kroner: Haraldsplass@home (H@H): Framtidas heimesjukehus, teknologi og nærleik i same løysing (Haraldsplass Diakonale Sjukehus) 
  • 1,185 mill. kroner: Automatisert registrering av tidsbaserte kvalitetsindikatorar i akutte pasientforløp (Helse Stavanger HF, Klinikk for kirurgi, nevrologi og rehabilitering) 
  • 1,05 mill. kroner: Strukturert kirurgiopplæring og bruk av opplæringsdata for strukturert tilbakemelding til LIS (Helse Stavanger HF, Kvinne- og barnklinikken) 
  • 400 000 kroner: Tverrfagleg behandling for barn og unge med funksjonelle plager (Helse Førde HF, Medisinsk klinikk) 
  • 1,106 mill. kroner: Trygg heimebasert avvæsking ved hjartesvikt – ein ny norsk heimesjukehusmodell (Helse Stavanger HF, Forskning, utdanning og innovasjon) 
  • 900 000 kroner: Endoskopi hos eldre – ei individuell tilnærming (Helse Fonna HF, fag og forsking) 
  • 1,2 mill. kroner: Personellsparande og forbetra oppfølging av cancer coli ved bruk av ddPCR-basert ctDNA-deteksjon (Helse Bergen HF, Kirurgisk klinikk) 
  • 1 mill. kroner: Kunstig intelligens for klinisk kreftdiagnostikk og avgjerdsstøtte i radiologi (Helse Bergen HF, Radiologisk avdeling) 
  • 1,2 mill. kroner: På veg til ei betre høyrselsomsorg i Helse Fonna og Noreg (Helse Fonna HF, fag og forsking) 
  • 1 mill. kroner: Team på Tvers – eit digitalt, pasientsentrert samhandlingsverktøy (Helse Stavanger HF, Kvinne- og barnklinikken) 
  • 1,2 mill. kroner: Digiplate – planleggingsverktøy for ernæring på tvers av helsetenesta (Helse Førde HF, Medisinsk klinikk) 
  • 400 000 kroner: Avansert heimesjukehus – trygg behandling og auka livskvalitet for hematologiske pasientar (Helse Bergen HF, Medisinsk klinikk) 
  • 175 000 kroner: Å plukke lågthengande frukt: behandling av beinskjørheit før og ikkje etter det neste brotet (Helse Bergen HF, Medisinsk klinikk) 
  • 1,2 mill. kroner: Fase 2 – Digitalt venterom i psykisk helsevern for barn og unge (Helse Stavanger HF, Klinikk psykisk helse barn, unge og rus) 
  • 1 mill. kroner: Utvikling av hybride nanopartiklar frå stamceller til behandling av nevrologiske sjukdommar (Helse Bergen HF, Nevroklinikken) 
  • 1 mill. kroner: DRG-målgivande pasning – KI-verktøy for presis medisinsk koding (Helse Bergen HF, Ortopedisk klinikk) 
  • 400 000 kroner: Heimeovervaking av svangerskap med for tidleg fostervassavgang (Helse Bergen HF, Kvinneklinikken)