Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

20 år med registrerte hoftebrot

Nasjonalt Hoftebruddregister har registrert 8500 operasjonar i året i to tiår. No blir registeret utvida med nye data som viser heile behandlingsforløpet for hoftebrotpasientane. At ortopedane tek dette i bruk, er neste mål.

Publisert 16.02.2026
To menn som sitter i en sofa

Foto: Privat

Leiar for Hoftebruddregisteret, Jan-Erik Gjertsen (t.v.) og ortogeriater Fredrik Helland.

Nasjonalt Hoftebruddregister med base i Bergen har samla inn data frå alle hoftebrotoperasjonar, på alle sjukehusa i landet, i 20 år.

Dette betyr omtrent 8500 operasjonar i året, og femnar rundt 90 prosent av alle hoftebrotoperasjonar.

– Dette har tidlegare hovudsakleg vore eit kirurgisk register der vi har samla mykje data om sjølve operasjonane. Kva brot pasientane er opererte for, kva operasjon som er utført, kva implantat som har vore brukte, kor lenge pasientane har venta på operasjon og eventuelle komplikasjonar. Men vi har visst lite om den delen av behandlinga som ikkje skjer på operasjonsstova, seier leiar for Hoftebruddregisteret, Jan-Erik Gjertsen.

Dette er pasientar med høg alder, og ofte generelt svært dårleg helse.

Utreiseskjema

For å få betre oversikt, har dei innført eit utreiseskjema. Her blir opplysningar registrerte om den delen av behandlingsforløpet som ikkje er ein del av sjølve hofteoperasjonen.

Her blir det mellom anna registrert når pasienten vart innlagd, om pasienten fekk preoperativ nerveblokade, om pasienten er sett til av geriatar, om det er gitt førebyggjande medisin mot osteoporose og om pasienten er tilvist til beintettleiksmåling.

– Mange studiar viser at ei tverrfagleg tilnærming til denne pasientgruppa er viktig. Då er det mange ting som inngår for å få pasienten trygt gjennom operasjonen og sjukehusopphaldet.

Når informasjonen frå utreiseskjemaet blir kopla til data i hoftebrotregisteret, får dei eit stort datasett.

– Ei av årsakene til at vi gjer dette, er fordi andre hoftebrotregister i verda samlar inn  data om behandlingsforløpet og ikkje berre data som har med sjølve operasjonen å gjere. No kan vi lettare få til internasjonalt samarbeid og store studiar og oversikter, seier Gjertsen.

Kvalitetsforbetring

Ein av dei viktigaste funksjonane til registeret, er at data som er der kan brukast til lokal kvalitetsforbetring.

– Indikatorar som sjukehusa no blir målte på, er i kor stor grad dei tilbyr osteoporosebehandling, i kor stor grad pasientane blir raskt mobiliserte etter operasjonen og i kor stor grad pasientane får tilsyn av geriatar. Tanken er at vi kan måle kor gode kvart enkelt sjukehus er til å gi pasientane behandling som er dokumentert at verkar, seier Gjertsen.

Gode i vest

Sjukehusa i Helse Vest er generelt flinke til å rapportere data ved hjelp av utreiseskjemaet. På topp ligg Haukeland universitetssjukehus med 100 prosent dekning.

– Hovudmålet vårt framover er å få alle sjukehus til å ta dette nye skjemaet i bruk, slik at vi får ei nasjonal oversikt over tilbodet til denne pasientgruppa, understrekar Gjertsen.

Funna kan brukast til å forske på effekten av tiltaka, kva dei ulike delane av behandlingsforløpet betyr for overleving, komplikasjonar og re-innleggelser.

– Det er mange forskingsspørsmål vi kan svare på etter kvart. Det er viktig for pasienten at dei veit at dei kjem til eit sjukehus der dei får den behandlinga som er vist å vere best, når dei først har eit hoftebrot. Og at pårørande veit at deira næraste får den hjelpa dei treng for å komme seg på beina igjen etter hoftebrotet.

Ny ortogeriater

På Haukeland universitetssjukehus er Fredrik Helland nyleg tilsett som ortogeriater. Helland seier tverrfagleg samarbeid og ortogeriatri har vist seg å vere svært gunstig for eldre pasientar med hoftebrot.

– Norske studiar tyder på at denne arbeidsforma kan bidra til blant anna betre mobilitet, forbetra evne for aktivitetar i dagleglivet, betre livskvalitet, mindre frykt for fall og samla sett færre døgn på institusjon.

Eit resultat ortogeriateren meiner truleg kan sporast tilbake til fleire faktorar:

  • etablering av gode pre-, peri- og postoperative rutinar
  • organisering av tverrfagleg samarbeid, der funksjonsnivået, situasjonen og behovet til pasienten blir kartlagt heilskapleg
  • involvering av geriatar med spesialkompetanse på eldre og sjukdommane deira

Helland seier at etablering av standardiserte forløp for hoftebrotpasientane vil utgjere ein stor forskjell for ein svært utsett pasientpopulasjon.

– Dessverre er geriatarar mangelvare fleire stader i landet, men hoftebroteininga her på Haukeland er eit godt døme på at ein kan oppnå mykje ved å etablere gode rutinar ved avdelinga.