Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Ber helseføretaka styrke arbeidet med å betre økonomien

Det er ein krevjande økonomisk situasjon for sjukehusa på Vestlandet. No er det gjennomført ekstra føretaksmøte, og det blir styremøte gjennom sommaren, for å følgje økonomien i helseføretaka tettare.

Publisert 08.06.2026

Saka oppsummert

  • Det er ein krevjande økonomisk situasjon for sjukehusa på Vestlandet. Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna ligg alle bak budsjett per april.
  • Styret i Helse Vest RHF ber føretaka forsterke arbeidet med å få drifta i tråd med budsjett.
  • Det er gjennomført ekstra føretaksmøte med Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna, og det blir ekstraordinære styremøte i juli og august for tettare oppfølging av økonomien.

Trass i fleire tiltak for å betre økonomien på fleire av helseføretaka i Helse Vest, så viser ikkje tala noko markant betring førebels. Derfor har styret i Helse Vest RHF hatt ekstra føretaksmøte i slutten av mai med dei tre helseføretaka i regionen som ligg langt bak budsjett per april. Det gjeld Helse Bergen, Helse Stavanger og Helse Fonna. I tillegg vil styret ha ekstraordinære styremøte gjennom sommaren. 

–  Føretaksmøtet har bedt styra i Helse Bergen, Helse Fonna og Helse Stavanger om å forsterke arbeidet med å bringe drifta i tråd med budsjett. Den økonomiske situasjonen er alvorleg, og det er avgjerande at helseføretaka snur den negative trenden, seier Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF. 

Ekstra styremøte i sommar 

Styret i Helse Vest RHF vil ha to ekstraordinære styremøte i juli og august, for å behandle økonomirapportering for juni og juli frå helseføretaka. Det vil bli sett eigne og framskunda fristar for økonomirapportering for desse månadene. 

–  Konsekvensane om vi ikkje klarer å snu den negative trenden, kan vere at føretaket må utsette og redusere planlagde investeringar i åra som kjem. Vi vil gjere alt vi kan for å unngå det, seier Landstad.   

Dame ser mot kamera

Foto: Jorunn Busk, Helse Vest RHF

Agnes Landstad er styreleiar i Helse Vest RHF. 

Dette er bakgrunnen for deekstra oppfølginga 

  • Helse Bergen har eit resultat på minus 69 millionar kroner etter første tertial, mot eit budsjettert resultat på pluss 37 millionar kroner. Det inneber at føretaket er 106 millionar kroner etter plan per april. Avvika på kostnader er 141 millionar kroner, der 71 millionar kroner utgjer lønn. 
  • Helse Stavanger HF har etter første tertial eit resultat på minus 346 millionar kroner, mot eit budsjettert resultat på minus 147 millionar kroner. Det inneber at føretaket er 199 millionar kroner etter planen per april. Avvika på kostnader er 182 millionar kroner, der 133 millionar kroner er lønn.  
  • Helse Fonna HF har eit resultat på minus 84 millionar kroner etter første tertial, mot eit budsjettert resultat på pluss 17 millionar kroner. Det inneber at føretaket er 101 millionar kroner etter plan per april. Avvika på kostnader er 124 millionar kroner, der 90 millionar kroner er lønn.  

Les protokollen frå føretaksmøte i mai