Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Spennande forsking i vest!

Forskingsprosjekt 2025- Fagleg rapport

Helse Vest forskingsmidlar skal bidra til å styrkje forskingsaktiviteten i helseføretaka, byggje kompetanse og sikre betre behandlingstilbod for pasientane. Totalt vart det stilt 221,6 millionar kroner til disposisjon for forsking i 2025.

Publisert 15.04.2026

Rapporten Forskingsprosjekt 2025 - fagleg rapport baserer seg hovudsakleg på data frå 310 årsrapportar og sluttrapportar frå prosjektleiarar som får forskingsmidlar frå Helse Vest. Den viser at at forskinga i vest er brei og tverrfagleg, med særleg sterk satsing på klinisk pasientretta forsking. Heile 86 prosent av midlane gjekk til kliniske forskingsprosjekt, inkludert behandlingsstudiar, observasjonsstudiar og anna klinisk forsking.  

  

Forside til rapporten «Forskningsprosjekter 2025 – Faglig rapport» fra Helse Vest, med bilder fra medisinsk arbeid og helsetjenester.
Rapporten trekkjer også fram auka satsing på strategiske prosjekt og kliniske studiar, mellom anna gjennom KLINBEFORSK-programmet, der sjukehus i Helse Vest til no har koordinert heile 22 prosjekt med samla tildeling på 418 millionar kroner. Nevrologi, psykisk helse og kreftforsking er blant dei største områda.

I rapporten kan du mellom anna lese at: 

  • 23 stipendiatar med Helse Vest doktorgradsstipend disputerte i 2025 
  • 92 prosent av prosjekta oppgjer å ha brukarmedverknad. Dette er ein auke frå 89 prosent i 2024. Under 5 prosent av prosjekta svarar at helsepersonell er dei einaste brukarane.   
  • 25 prosent av prosjekta har teke i bruk kunstig intelligens, anten ved utvikling av algoritmar, bruk av hyllevare og allereie ferdig utvikla algoritmar eller anna KI-relatert forsking.  
  • 18 prosjekt omfatter forsking på rus. Dette er ein auke frå 11-13 prosjekt dei siste fem åra.  

I tillegg blir det gitt innblikk i fem av Helse Vests strategiske satsingar, ved både store og mindre helseføretak i regionen, med vekt på korleis forskingsmidlane har bidrege til å byggje fagleg nettverk og styrkje kompetanse regionalt.