Felles innsats for likeverdige spesialisthelsetenester til den samiske befolkinga
Dei fire regionale helseføretaka samarbeider for å styrkje spesialisthelsetenestene til den samiske befolkninga. No er SSA-kunnskapsbanken tilgjengeleg på nordsamisk og engelsk – eit konkret resultat av den felles innsatsen.

Foto: Jorunn Busk
SSA står for skadeleg seksuell åtferd blant barn. SSA-kunnskapsbanken er ein digital ressurs for fagpersonar i spesialisthelsetenesta som arbeider med vurdering og behandling av barn og ungdom som har utøvd problematisk eller skadeleg seksuell åtferd.
Samarbeider på tvers
Dei fire regionale helseføretaka deltek i eit interregionalt nettverk som arbeider for likeverdige spesialisthelsetenester til den samiske befolkninga. Helse Nord leier nettverket og har eit særskilt ansvar for helsetenestene til den samiske befolkninga. Omsetjinga av SSA-kunnskapsbanken er eitt av tiltaka som skal gjere fagkunnskap meir tilgjengeleg på samisk.
– Når vi samarbeider på tvers av dei fire regionane, kan vi samle kompetanse og få større kraft i arbeidet. Omsetjinga av kunnskapsbanken viser kva vi kan få til i fellesskap, seier spesialrådgivar Tone Kjær i Helse Nord.
Nettverket skal bidra til at samisk språk og kultur blir tekne vare på i utviklinga av spesialisthelsetenestene. Arbeidet omfattar både deling av kompetanse og utvikling av tiltak som kan brukast på tvers av regionane.
Del av ein større heilskap
Å gjere fagressursar tilgjengelege på samisk er ein viktig del av dette arbeidet. Det kan støtte fagpersonar og bidra til at språklege og kulturelle omsyn blir integrerte i tenestene.
– Det finst e-læringskurs for tilsette i spesialisthelsetenesta som vil lære meir om korleis dei kan leggje til rette for samisk språk og kultur. At SSA-kunnskapsbanken no er omsett til nordsamisk, er eit viktig steg i det felles arbeidet for meir likeverdige tenester, seier seniorrådgivar Carina Paulsen Mæland i Helse Vest RHF.