Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fem milliardar krev gode val

Sjukehusa i Helse Vest kjøper varer og tenester for fem milliardar kroner kvart år. Dei etiske retningslinjene for innkjøp skal sørge for at kvar krone blir brukt på ein måte som toler innsyn.

Publisert 23.11.2026

Som ein stor offentleg innkjøpar ønskjer Helse Vest skal vere open om korleis innkjøp blir gjennomført. Dei etiske retningslinjene stiller tydelege krav til både medarbeidarar og leverandørar.

Retningslinjene skal bidra til at det blir teke gode avgjerder i heile verksemda. Målet er å sikre kvalitet, tryggleik og samfunnsverdi til beste for pasientane og samfunnet.

– Retningslinjene gjev eit tydeleg rammeverk for  habilitet, likebehandling av leverandørar, nulltoleranse for korrupsjon og omsyn til arbeidsforhold og miljø i leverandørkjedene, seier innkjøpsleiar Joakim Solbakk Pedersen i Helse Vest RHF.

Foto: Jorunn Busk

Joakim Solbakk Pettersen.

Trygg tilgang på materiell

Sykehusinnkjøp gjennomfører anskaffingar på vegner av sjukehusa i Helse Vest. Dette inneber at dei lagar avtalar på alt frå røntgenmaskiner, til sprøyter og vaskeritenester.

Det er dei fire regionale helseføretaka (Helse Vest, Helse Midt-Norge, Helse Sør-Øst og Helse Nord) som saman eig Sykehusinnkjøp.

– Bestillarane i sjukehusa bruker desse avtalane for å kjøpe det dei treng til den daglege drifta. Sjukehusa skal finne det dei må ha på avtalane våre, derfor er innkjøp eit viktig område. Vi må ha trygg tilgang på materiellet vi treng, seier Solbakk Pedersen.

Forsyningssenter

Trygg tilgang inneber også stabilitet når det oppstår leveringsutfordringar. Helse Vest har eit forsyningssenter som ein sentral del av den regionale forsyningsberedskapen.

– Vi lever i ei uroleg verd, og dei siste åra har det blitt tydeleg kor sårbare globale forsyningskjeder kan vere. For spesialisthelsetenesta er det avgjerande med trygg tilgang til medisinsk forbruksmateriell for å drive pasientbehandling og forsyningsberedskap, seier Solbakk Pedersen. 

Viktige prinsipp

Styret i Helse Vest behandla i styremøte den 11. november 2026 ei revidert utgåve av dei etiske retningslinjene.

– Vi har hatt ein god prosess i forkant, og gjort dette arbeidet saman med samarbeidspartnarane våre som jobbar med innkjøp i sjukehusa, seier Solbakk Pedersen.

Styret i Helse Vest RHF peikar på at retningslinjene inneheld gode og viktige prinsipp, som verkar førebyggjande og gir eit enkelt og tydeleg rammeverk. Styret understrekar betydninga av opplæring og oppfølging for å sikre etterleving i praksis og styrkje tilliten til anskaffingsprosessane i Helse Vest.