Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Fleire operasjonar skal gi kortare ventetid

Sjukehusa i Helse Vest har auka operasjonsaktiviteten i 2026. No held arbeidet fram for å korte ned ventetidene.

Publisert 26.10.2026
portrettbilde av mann smiler med armene i kors

Foto: Jorunn Busk

Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF, er imponert over innsatsen sjukehusa har lagt ned for å få ned ventetidene.

Målet er at ventetida til operasjon skal tilbake til nivået frå 2019 innan utgangen av 2027. Derfor innførte Helse Vest ei insentivordning for fleire operasjonar i mars 2026. I juni fekk dei regionale helseføretaka eit nytt oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å lage ein plan for det vidare arbeidet med å redusere ventetidene. 

Evalueringa av insentivordninga viser at operasjonsaktiviteten auka med om lag elleve prosent i Helse Bergen, Helse Fonna, Helse Førde og dei private ideelle sjukehusa. Tala omfattar ikkje Helse Stavanger, som hadde lågare aktivitet i starten av året på grunn av flytting og ombygging.  

– Vi ser at det er mogleg å operere fleire ved å utnytte kapasiteten betre. Sjukehusa og dei private ideelle aktørane har lagt ned ein stor innsats, seier fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.  

Auken ser i liten grad ut til å ha gått ut over annan operasjonsaktivitet. 

I styremøtet 22. oktober vedtok styret å vidareføre insentivordninga ut 2026.  

Diagram, linjediagram
Ventetida til operasjon har auka sidan 2019 ved dei fleste helseføretaka. Figuren viser median tid til tenestestart for operasjonar per kvartal frå 2019-2026. Tala for 2026 gjeld januar–august. Kjelde: Regional rapport.​

Betre bruk av kapasiteten 

Sjukehusa har mellom anna auka aktiviteten gjennom å bruke operasjonsstovene betre, flytte fleire inngrep til dagkirurgi og poliklinikk, og styrkje bemanninga rundt operasjonane. Det er også kjøpt kapasitet frå private aktørar.  

Median ventetid til operasjon i Helse Vest auka frå 122 dagar i 2019 til 173 dagar i 2025. Så langt i 2026 er medianen 162 dagar. Endringa er førebels for liten til at Helse Vest kan slå fast at ventetidene er på veg ned.  

Det trengst om lag 8 800 fleire operasjonar enn vanleg for å nå 2019-nivået innan utgangen av 2027. Det tilsvarar ein aktivitetsauke på om lag 14 prosent samanlikna med nivået i 2024 og 2025.  

Behovet er størst innan øyre-nase-hals, augesjukdommar og ortopedi. Desse fagområda står samla for om lag tre firedelar av behovet.  

– Målet er svært krevjande. Vi må både operere fleire og halde fram arbeidet med å forenkle pasientforløpa og kvalitetssikre ventelistene, seier Vikse.  

Følgjer utviklinga tett 

Mangel på mellom anna operasjonssjukepleiarar, operasjonsstover og senge- og intensivkapasitet kan avgrense kor mykje aktiviteten kan bli auka. Helse Vest vil derfor rette særleg merksemd mot fagområda og sjukehusa der behovet er størst.  

– Auka aktivitet åleine er ikkje nok. Vi må sikre at pasientane får rett behandling på rett stad, og at kapasiteten blir brukt der han gjer størst nytte. Målet er at pasientane skal få behandling raskare, avsluttar Vikse.