Frå eldre kreftpasientar i Førde til datasystem i over 130 land: Her er prisvinnarane frå forskingskonferansen i Helse Vest 2026

Tre personar blei heidra under forskingskonferansen: Nienke de Glas er årets unge forskar, Nina Langeland får forskingsprisen, og Magne Rekdal får innovasjonsprisen.

Helena Heimstad, Helse Bergen
Publisert 27.11.2026
En gruppe mennesker som smiler

Foto: Helena Heimstad, Helse Bergen

Agnes Landstad, styreleiar i Helse Vest RHF, Nienke de Glas, årets unge forskar, Bjørn Egil Vikse, fagdirektør i Helse Vest RHF, Magne Rekdal, vinnar av årets innovasjonspris, Marit Lieng, administrerande direktør i Helse Bergen, og Nina Langeland, årets forskar.

Årets unge forskar: Nienke de Glas 

Då Nienke de Glas flytta frå Nederland til Noreg i 2023, trudde ho at draumen om å leie ei stor forskingsgruppe var over. I staden fann ho eit sterkt forskingsmiljø i Helse Førde og ved HVL, og har bygd nye alliansar nasjonalt.

De Glas er no overlege ved kreftavdelinga i Helse Førde og professor ved Høgskulen på Vestlandet. Ho forskar på eldre kreftpasientar, ei gruppe som ofte fell utanfor kliniske studiar, sjølv om meir enn halvparten av dei som får kreft i Noreg, er over 70 år. I IMPACT-studien undersøker forskarane om screening med Clinical Frailty Scale og geriatrisk kartlegging kan gi betre tilpassa behandling. Etter eitt år ser forskarane allereie endringar i behandlingspraksisen i Førde.

Nienke får prisen for den framifrå forskinga si på korleis eldre pasientar kan få best mogleg persontilpassa kreftbehandling. Forskinga hennar har gitt oss ny kunnskap om korleis aldring og skrøpelegheit kan påverke effekten av behandlinga, risikoen for biverknader og livskvaliteten til pasientane. Nienke har bygd opp solid kompetanse på forsking om eldre kreftpasientar.

– Denne prisen betyr mykje. Det kjennest som ei anerkjenning av at eg også klarer å byggje opp ny forsking her i Noreg, og stadfestar at eg er akkurat der eg ønskjer å vere, seier prisvinnaren.

Nienke de Glas, årets unge forskar

Årets forskingspris: Nina Langeland 

Nina Langeland har gitt oss viktig ny kunnskap om infeksjonssjukdommar og følgjene dei kan få. Gjennom mange år har ho kombinert forsking tett på pasientane med eit sterkt engasjement for samarbeid og fagleg utvikling. Ho er overlege ved seksjon for infeksjonssjukdommar på Haukeland universitetssjukehus og professor ved Klinisk institutt ved Universitetet i Bergen.

Prisen er ei anerkjenning ho set pris på.

– Det er veldig kjekt å bli sett som forskar. Som lege og klinikar får du takk mange gonger om dagen, men som forskar er det ofte ikkje slik. Derfor er det ekstra hyggeleg, seier Langeland.

Under pandemien erfarte ho kor stor konkurransen i forskinga kan vere, med eit stadig press om å vere først ute med funna. Det mest krevjande har likevel vore å få informatikarar, matematikarar, samfunnsforskarar og legar til å løyse problem saman. Pasientane har heile tida vore ei viktig drivkraft.

– Særleg dei pasientane som ikkje har fått ei forklaring på sjukdommen sin. Det er mykje inspirasjon i kvart pasientmøte, seier ho.

Gjennom rettleiing og samarbeid har Langeland også bidrege til å utvikle nye klinikarar og forskarar innan infeksjonsmedisin. Slik har ho ikkje berre skapt ny kunnskap sjølv, men også lagt til rette for at andre kan utvikle faget vidare.

Nina Langeland, årets forskar

Årets innovasjonspris: Magne Rekdal 

Magne Rekdal har gjennom fleire tiår vore ein sentral pådrivar for dataverktøy som er tett på klinikken. Arbeidet hans har gitt løysingar som er tekne i bruk nasjonalt og internasjonalt, mellom anna FastTrak (DIPS) og interaksjoner.no, og har lagt grunnlaget for kvalitetsregister med høg datakvalitet. Frå 2025 er han spesialrådgivar i Medisinsk klinikk ved Haukeland universitetssjukehus, med ansvar for strukturert pasientjournal.

Det starta med ein sjukepleiardriven klinikk for pasientar med claudicatio ved Gentofte Hospital i Danmark, som trong systematisk dokumentasjon. Løysinga blei FastTrak, som seinare blei vidareutvikla til journalsystem for diabetes, endokrinologi og sjukeheimar. Prinsippet er enkelt: Registrer strukturert éin gong, og bruk dataa mange gonger.

– Eg liker å halde ein låg profil, men det betyr ikkje at anerkjenning ikkje betyr noko for meg, seier Rekdal.

Rekdal har også bidrege til legemiddeldatabasen for porfyrisjukdommar, som blir brukt i over 130 land. I Colombia har pasientar armband med lenkje til databasen. No blir verktøyet BigPlans bygd, der fagfolk utan teknisk bakgrunn sjølve kan lage dokumentasjonsmalar og avgjerdsstøtte.

– Det handlar om menneske, ikkje berre om kode og datakvalitet, seier Rekdal.

Magne Rekdal, vinnar av årets innovasjonspris