Frå innsikt til handling: Eit nytt kunnskapsgrunnlag for å førebyggje sjukefråvær
Sjukefråvær har verka som eit uløyseleg problem i sjukehusa, som ei gordisk knute. No er eit nytt kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg, som gir svar på korleis vi kan førebyggje sjukefråværet.
Saka oppsummert
- Eit nytt kunnskapsgrunnlag, basert på analyse av store datamengder, gir betre innsikt i kva som driv sjukefråvær.
- Sjukefråvær heng i stor grad saman med korleis arbeidstid og arbeidsplanar er organiserte.
- Føreseielege planar og nok restitusjon reduserer risikoen, medan godt arbeidsmiljø åleine ikkje er nok.
- Kunnskapen gir grunnlag for målretta tiltak og betre planlegging.
Gjennom avansert analyse av nærare 4,8 millionar vaktar og over 880 000 sjukefråværsepisodar for meir enn 17 000 medarbeidarar, har vi fått innsikt i kva som faktisk driv sjukefråvær, og kva som kan førebyggje.
– Dette er ikkje berre ny kunnskap. Det er eit kraftfullt grunnlag for handling, seier Hilde Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest RHF.
Sjukefråvær påverkar kvalitet, pasienttryggleik, arbeidsmiljø og økonomi i sjukehusa, og kvar enkelt medarbeidar og leiarars kvardag.
– Sjukefråværet er for høgt. Det er viktig at vi no evner å bruke kunnskapen vi har, og at vi gjer dei rette tiltaka i samarbeid mellom leiarar, medarbeidarar, tillitsvalde og vernetenesta. Eg vil utfordre alle leiarar i føretaksgruppa til eit løft og til å arbeide saman om dette, fortset Christiansen.
Kunnskap som peikar på rotårsaker
Analysane har særleg hatt merksemd på sjukefråvær mellom 17 og 56 dagar. Samtidig veit vi at tiltak som verkar her, også har effekt på kortare fråvær.
Kunnskapsgrunnlaget peikar tydeleg på at sjukefråvær i stor grad heng saman med korleis arbeidstida blir organisert, og korleis arbeidsplanen er bygd opp. Analysane er og viktig kunnskap om kva som kan førebyggje sjukefråvær:
- Føreseielege arbeidsplanar med gode restitueringsperiodar reduserer risiko, også når vaktene har lengre varigheit.
- Eit godt arbeidsmiljø dempar risiko, men kan ikkje åleine kompensera for uheldige arbeidstidsordningar.

Frå analyse til målretta tiltak
Ein av dei største styrkane i kunnskapsgrunnlaget er at det ikkje stoppar ved å beskrive utfordringar. Det gir også eit konkret grunnlag for prioritering av tiltak.
– Det viktigaste er å ta tak i arbeidsplanen og nytte moglegheitene som er tilgjengeleg, mellom anna rammeverket for fleksibel arbeidstid inkludert 12,5 timars vaktar. Det føreset og at tillitsvalde og vernetenesta er pådrivarar saman med leiarane, seier Christiansen.
– Leiinga har eit tydeleg ansvar for å sikre eit forsvarleg arbeidsmiljø, inkludert arbeidstid. Medarbeidarar må også melde seg på, og nytte moglegheiten for å registrera kva dei vil prioritera for sin arbeidsplan. Då kan leiarar ta omsyn til aktivitet og medarbeidarars innspel.
Christiansen peiker også på moglegheitene i nye løysingar:
– Med støtte i nye løysingar som bruker kunstig intelligens, kan leiar få forslag til ein god arbeidsplan i løpet av ein time eller to, i staden for at dei brukar hundrevis av timar, slik ein gjorde tidlegare. Det neste er at vi utvikler modellar som gjer det mogleg å, blant anna, identifisera kva einingar og grupper som har høgast risiko, prioritera tiltak som gir størst effekt og måle effekt av tiltak over tid. Dette gjer det mogleg å gå bort frå generelle og ofte lite målretta tiltak, og over til presise, kunnskapsbaserte endringar.
Læring og erfaringsdeling: Å løfte fram det som verkar
Christiansen held fram:
– Det er ikkje tilstrekkeleg å vere samd i kva som er rett. Tiltaka må faktisk gjennomførast og bli følgde opp. Ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget er at det også synleggjer variasjon. Nokre einingar og yrkesgrupper har vesentleg lågare sjukefråvær enn andre, også under elles like rammevilkår. Dette representerer ei stor moglegheit. Kunnskap åleine endrar ingenting. Den må omsetjast i handling.
Systematisk erfaringsdeling og læring på tvers av einingar er avgjerande for å lykkast. Dei beste praksisane må identifiserast, forståast og spreiast.
– Samtidig må vi ha mot til å avvikle tiltak som ikkje verkar. Innsatsen må konsentrerast om det som gir dokumentert effekt – og blir justert når kunnskapen tilseier det, avslut Christiansen.
Det nye kunnskapsgrunnlaget gir eit solid fundament for samarbeid mellom leiing, fagforeiningar og styresmakter. Det er allereie delt med relevante aktørar. Det vil og bli tema på samling for tillitsvalde og vernetenesta i Helse Vest i oktober 2026.