Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Vest lanserer regionalt program for lisenspsykologar

For å sikre likare opplæring og betre støtte til psykologar utdanna i utlandet, startar Helse Vest no eit regionalt kompetanseprogram for lisenspsykologar. Programmet er det første i sitt slag i Noreg.

Publisert 13.08.2026

Alle psykologar med utdanning frå utlandet må søkje Helsedirektoratet om lisens for å kunne jobbe i Noreg. Lisensen blir gitt med krav om rettleidd praksis, ofte over to år, og inneber erfaring frå både voksen- og barnefeltet. 

Oppfølginga av lisenspsykologane har til no i stor grad vore organisert lokalt i helseføretaka.

For å sikre meir likeverdig opplæring, har Helse Vest utvikla ein regional modell for lisensperioden. Modellen er utvikla i samarbeid med nettverket av utdanningsansvarlege psykologspesialistar i helseføretaka, og består av eit felles rammeverk for praksis og rettleiing og dessutan eit kompetanseprogram med fire modular. Undervisning og samlingar vil bli gjennomførte i Stavanger og Bergen.

Målet er å gi lisenspsykologane nødvendig grunnkompetanse for arbeid i norsk spesialisthelseteneste, samtidig som ordninga bidreg til auka likeverd i opplæringa og avlastar helseføretaka. Erfaringane frå piloteringa kan på sikt danne grunnlag for ein nasjonal modell.

Undervisninga blir leidd av erfarne psykologspesialistar frå helseføretaka, og første modul startar i slutten av august.