Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Helse Vest-metode blir nasjonal: Måler om behandlinga i psykisk helsevern blir gitt ofte nok

Ein ny indikator frå Helse Vest viser om pasientar i psykisk helsevern får behandling med høg nok intensitet, slik at behandlinga gir effekt. No blir metoden teke i bruk nasjonalt.

Publisert 23.09.2026
Mann smiler mot kamera

Foto: Jorunn Busk.

Lars Øhlckers er assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. 

Saka oppsummert

  • Fagpersonar i Helse Vest har utvikla ein indikator som måler om pasientar i psykisk helsevern får behandling ofte nok til at ho verkar.
  • Målingane kan vise om behandlinga blir spreidd for tynt utover, særleg ved angst, depresjon og eteforstyrringar.
  • Fagmiljøa kan samanlikne resultata med andre avdelingar og setje inn tiltak dersom intensiteten i behandlinga er for låg.
  • Metoden skal no i bruk nasjonalt.

I to år har Helse Vest testa ein ny indikator, som måler kor ofte ein pasient får behandling innan psykisk helsevern. Heilt ned på avdelings- eller einingsnivå blir det målt om pasientane får samtaleterapi ofte nok til at han verkar.  

– Indikatoren er viktig, for det gir eit bilete av om behandlinga blir smurt for tynt utover. Du kan samanlikne med antibiotika: For låg eller ujevn dose over tid gir dårlegare effekt. Den eignar seg godt for tilstandar der intensitet i behandlinga er viktig, som til dømes angst, depresjon og spiseforstyrringar, seier Lars Øhlckers, assisterande fagdirektør i Helse Vest RHF. 

Forbetrar behandlinga med indikator 

Indikatoren er utvikla saman med klinikarar i heile regionen og brukarrepresentant, og er inspirert av liknande arbeid i helseatlas-miljøet i Helse Førde. Forsking peikar på at intensiteten av ei behandling er nødvendig for at behandlinga skal vere verknadsfull. 

– Fagmiljøet har teke indikatoren godt imot. No kan dei bruke tala til å samanlikne seg med nabo-BUPen (barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling), eller nabo-DPSen (distriktspsykiatrisk senter). Slik kan tenestene oppdage om dei har for låg intensitet og setje inn forbetringstiltak, seier Øhlckers.   

Resten av landet skal gjere det same 

I juni lanserte helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre at heile landet skal leggje opp til å måle intensiteten for behandlinga innan psykisk helsevern, på same vis som Helse Vest allereie gjer. 

– Den nye indikatoren blir eit viktig supplement til ventetidsmålet. No viser vi ikkje berre kor raskt pasientar får hjelp, men også om behandlinga er god nok når dei først er inne. Helse Vest ligg langt framme på dette området, og arbeidet får nasjonal interesse. Det er spennande, avsluttar Øhlckers.