Helse Vest styrkjer arbeidsretta behandling i eigne helseføretak
Helse Vest styrkjer tilbudet i helseføretaka, slik at arbeidsretta behandling i større grad kan integrerast i dei øvrige tenestene i psykisk helsevern.
Helse Vest RHF har over fleire år tilbudt arbeidsretta psykologiske behandlingstenester. Formålet har vore å gi pasientar med lette til moderate psykiske plager rask tilgang til behandling som tek omsyn til arbeidssituasjonen deira, og å bidra til redusert fråvær frå arbeid.
Nå styrker Helse Vest RHF dette tilbodet i helseføretaka, slik at arbeidsretta behandling i større grad kan integrerast i dei øvrige tenestene i psykisk helsevern
– Moderne behandlingsmodellar legg opp til at arbeidsfokus bør inngå i all behandling, seie assisterande fagdirektør Lars Ravn Øhlckers i Helse Vest RHF.

Foto: Jorunn Busk
Avtale om kjøp av tenester innen arbeidsretta behandling av angst og depresjon løper ut 31. desember 2026. Etter dialog med helseføretaka er tilrådinga frå Helse Vest RHF å avslutte anbodet om psykologisk arbeidsretta behandling. Helseføretaka skal i staden få eit helheitleg ansvar for å tilby disse tenestene.
Utvider tilbodet
– Dette styrkjer samanhengen mellom utgreiing, behandling, oppfølging og eventuell vidare behandling i spesialisthelsetenesta, seier Øhlckers.
I alle helseføretaka i vest har det over fleire år vært bygd opp fagmiljø innan helse og arbeid.
Det er tilsett ulike formar av jobbspesialistar i helseføretaka, og ein arbeidar nå med å etablere regionalt kompetansenettverk for arbeid og helse for å vidareutvikle desse tenestene. Jobbstatus kartleggast i alle pasientforløpa i psykisk helsevern, og ein utvider tilbodet til å også omfatte digitale arbeidsretta tenester.
Ved å tilføre midlar til helseføretaka blir ressursane brukte til varig kompetansebygging i regionen.