Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Krafta i relasjonar

Edvin Schei og PROFMED-prosjektet har satt saman LIS-leger og praksisstudentar i «familiar», og fått resultat som er interessante både for legeutdanninga og sjukehuset. For dette får dei årets utdanningspris i Helse Vest.

Publisert 09.01.2026
En gruppe mennesker som holder en plakett

Foto: Siv Rosvik Vindenes

Frå venstre: Direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi Hilde Brit Christiansen i Helse Vest, Monika Kvernenes fra Universitetet i Bergen, professor Edvin Schei frå Universitetet i Bergen, Julie Solberg Knudsen frå Universitetet i Bergen og fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF.

Når du kjem som medisinstudent i praksis til eit sjukehus, hamnar du lett i «praksisgapet». Det er gapet mellom kunnskapen du har frå studiet, og oppgåvene du faktisk må løyse i akuttmottaket og på post.

Professor Edvin Schei ved Fagområde for allmennmedisin og Medisinsk fakultet på Universitetet i Bergen starta å forske på dette. Forskinga resulterte i to artiklar, «Shame in medical education» og «Alienation in the teaching hospital». Det viste seg at mange medisinstudentar i praksis følte seg usikre, blei passive, og ramla i praksisgapet.

– Internasjonal forsking stemmer også med dette. Det å komme til eit sjukehus som medisinstudent kan vere vanskeleg. Mykje er ukjent, og særleg er det krevjande å møte så mange flinke og ukjente folk når ein sjølv ikkje føler ein kan vere til nytte. Mange blir ståande i kroken og vere redde for å vere til bry, seier Schei.

Fekk kritikk

Studentane opplevde også at dei ikkje alltid vart helste på, at folk snudde seg vekk, eller at dei fekk kritikk fordi dei mangla kunnskap – sjølv om dei var der for å lære.

– Anten dette er reelt eller blir opplevd slik, så verkar det demotiverande. Det kan for eksempel resultere i at studentar misser sjølvtillit, vert lite sjølvstendige, ikkje blir trygge i kliniske situasjonar, eller unngår visse spesialitetar, seier Schei.

PROFMED

I 2021 fekk Schei forskingsmidlar frå HK-dir (Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse), og starta prosjektet PROFMED, eit treårig prosjekt på Haugesund sjukehus.

Der fekk LIS-legar ein dags opplæring med mellom anna tilgang til resultata av skam-studiane til Schei. Legane fekk reflektere over eigne erfaringar, og korleis dei daglegdagse sosiale rituala, slik som å sei hei, møte blikket, og bruke namn på studentane, kan vere avgjerande for læring i eit praksismiljø. 

Dei organiserte så det dei kalla «rettleiingsfamiliar», der to LIS-legar vart kopla til to medisinstudentar.

– Dei blei kjende med nokre namn og ansikt, og blei inviterte inn i fellesskapen og kvardagsarbeidet til legane.  Då skulle det nesten ikkje meir til. Studentane kjende dei hadde nokre «storesøsken» dei kunne ta kontakt med. Dette gjorde at dei første vanskelege dagane gjekk lettare for studentane. Og LIS-legane syntest det var trygt når dei ikkje var vande med rettleiingsansvar, fortel Schei.

Gjer avlasting

Det viste seg snart at studentar som er trygge, er godt i stand til å lære mange typar legearbeid. Studentar har stor nytte av å gjere arbeid som legar kan finne rutineprega .

– Legane får avlasting, og studentane lærer mykje. Dei ivrigaste studentane er til nytte allereie etter tre dagar, og alle er til nytte etter ei veke, seier Schei.

Men siktemålet med PROFMED er meir enn å skape effektiv praksislæring. Gode relasjonar mellom lege og pasient er målet. Når studentar opplever psykologisk tryggleik i det kliniske miljøet, slepp dei å bruke krefter på å beskytte seg. Rollemodellar som er høgt sosialt kompetente syner studentane korleis ein lege effektivt kan hjelpe sårbare menneske ved å kombinere teknisk og relasjonell kompetanse.

– Så det er ein større intensjon med å tenkje praksislæring på denne måten. Det er både moralsk og praktisk viktig for at pasienten skal få god helsehjelp. Eit godt helsevesen avheng av krafta i relasjonar, kunnskapen om korleis vi byggjer menneskelege band, og korleis vi kan leggje til rette for at det skal skje tilknyting på ein arbeidsplass. Folk som er gode på å skape relasjonar, blir betre profesjonsutøverar, meiner Schei.

Styrka læringsmiljø

I grunngivinga frå juryen til Utdanningsprisen heiter det mellom anna at prosjektet har dokumenterte og tydelege resultat som viser eit styrka læringsmiljø både for studentar og mentorlegar.

– Prosjektet har stor overføringsverdi til andre kliniske spesialitetar og utdanningsløp, særleg relevant for vidareutvikling av legeutdanninga i Helse Vest, inkludert utvikling av Vestlandslegen på fire campus på Vestlandet. Formålet til prisen er å løfte fram kor viktig god utdanning er, for helseføretaka, fagmiljøa og studentane, seier Hilde Brit Christiansen, direktør for medarbeidar, organisasjon og teknologi i Helse Vest.

Til inspirasjon

Når ein får til noko saman, som ein har klart her mellom UiB og Helse Fonna, bør det inspirera dei fleste fagmiljøa til å ta etter, meiner Christiansen.

– Det er særleg viktig å framheva at alle studentane som har deltatt i utviklinga av modellen og har gitt forskingsintervju. Studentane beskriv mellom anna tryggleik, delaktigheit og høg grad av modell læring frå legane, som dei identifiserer seg med. Det skapar eit godt grunnlag for læring. Eit typisk studentutsegn etter fire vekers praksis:

«[Jeg er blitt] trygg på å gå inn i legerollen, ta avgjørelser. Ansvar for pasienter. Ikke minst å føle seg trygg når man IKKE vet alt, stå i den usikkerheten og kjenne det er helt ok, for det har jo alle, liksom, både LIS-leger og bakvakter.»

– Dette er eit tiltak som verkeleg framhev kva ein kan få til med god og føreseieleg organisering i utdanninga, seier Christiansen.

Fagdirektør Bjørn Egil Vikse i Helse Vest RHF, arbeidde som nyrelege på Haugesund sjukehus og professor ved Universitetet i Bergen då prosjektet sette i gang. 

– Det har etter mi meining ikkje vore nok merksemd mot kor viktig praksisarenaen er for læringa til medisinstudentane, og det er viktig at sjukehusa og dei kliniske einingane legg til rette så godt dei kan for at medisinstudentane skal kunne utvikle seg vidare til gode og trygge fagfolk. Eg kjenner dette prosjektet godt, og synest det er veldig bra det får merksemd gjennom en pris som dette, men vil gjerne understreke at eg ikkje har vore med i utveljinga av vinnaren.