Når innkjøp blir eit berekraftsval
Innkjøp er meir enn levering og pris. Kvar bestilling er eit val, som kan ha konsekvensar både for folk og miljø. Derfor må vi ha gode system, og bruke avtalane vi har inngått.
Innkjøp er eit viktig verkemiddel i berekraftsarbeidet i Helse Vest.
– Innkjøp påverkar både kostnader, kvalitet og kor ansvarleg helsetenesta er. Sjukehusa kjøper inn store mengder utstyr, legemiddel og tenester, og vala vi gjer her har direkte betydning for både drift, pasienttryggleik og miljø, seier seniorrådgjevar Brita Mauritzen Næss i Helse Vest RHF.
Når vi bruker avtalar som er inngått, veit vi meir om leverandørane vi handlar frå.
– Vi har stilt krav på førehand, både til kvalitet, arbeidsforhold og korleis dei driv verksemda si. Det gir oss ein ekstra tryggleik i innkjøpa, seier Joakim Solbakk Pedersen, innkjøpsleiar i Helse Vest RHF.
Når kjøp skjer utanfor avtale derimot, er ikkje denne kontrollen like god.
– Då mister vi noko av oversikta. Vi får mindre innsikt i leverandørkjeda, og det blir vanskelegare å vere sikre på at krava våre blir følgde, seier Pedersen.

Har sett i gang fleire tiltak
Dei siste åra er det sett i verk fleire grep for å styrkje innkjøpsarbeidet. Mellom anna er det innført felles arbeidsprosessar for korleis medarbeidarane skal gjennomføre innkjøp.
Alle bestillingar skal bli gjort i vårt innkjøpssystem. Det gir betre oversikt over kva som blir kjøpt inn, og gjer det enklare å velje leverandørar det er avtale med.
– Vi har jobba meir systematisk med dette området. No følgjer vi tettare med på korleis det blir handla inn, og vi jobbar kontinuerleg for at fleire skal bruke avtalane. Det handlar om å gjere det enkelt å gjere rett i ein travel arbeidskvardag, seier Joakim Solbakk Pedersen.
Målet er å redusere innkjøp utan avtale og sikre betre kontroll i heile organisasjonen.
Berekraftsrapporten for Helse Vest 2025
I berekraftsrapporten for 2025 blir innkjøp trekt fram som eit sentralt tema. Rapporten viser korleis helseføretaka jobbar med menneskerettar, anstendige arbeidsforhold og berekraft i praksis. Målet er å gi gode helsetenester, samstundes som ein tek vare på folk, miljø og ressursar.